Hopp til innhold

Brødre på flukt får bu saman

Storebror fekk avslag, medan veslebror fekk opphald. Men Utlendingsnemnda snudde då storebror presenterte ei matematisk likning for dei.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Faraidon og Sahel Ahadi får no ei felles framtid i Bergen, etter at Utlendingsnemnda snudde og omgjorde avslaget til Sahel.

For eit år sidan fekk minstebror Faraidon opphald, medan storebror Sahel Ahadi fekk avslag. Dei kom åleine til Noreg frå Afghanistan. Taliban hadde drepe storebroren og faren, medan dei har ikkje fått kontakt med mora og dei andre søskena sine.

Etter dette orka ikkje brørne tanken på å bu åtskilt, men Faraidon fekk opphald som mindreårig, medan Sahel fekk avslag.

Matematisk likning som forklaring

På onsdag møtte Sahel opp i Utlendingsnemnda og presenterte ei matematisk likning for dei, for å forklare situasjon.

Asgeir Thomassen

FANTASTISK: - Dei treng kvarandre, så dette er fantastisk, seier advokat Asgeir Thomassen som har hjelpt Sahel med ankesaka.

Foto: NRK

– Positivt svar til ein og negativt til den andre, blir negativt for begge. For pluss gonger minus blir alltid minus, forklarte realfagsstudenten Sahel.

Så kom den glade beskjeden: Utlendingsnemnda snudde og omgjorde avslaget, så no får Faraidon og Sahel Ahadi ei felles framtid i Bergen.

– Eg fekk beskjed i går at Sahel får bli. Dei treng kvarandre, så dette er heilt fantastisk, seier advokat Asgeir Thomassen som har hjelpt Sahel med ankesaka.

– Ja, det er heilt fantastisk, seier Sahel.

Fekk eit heilt anna inntrykk

Johan Berg, i Utlendingsnemnda, sa først nei, men sa i går ja til opphald for Sahel Ahadi.

– Utlendingsnemnda har vedteke å gje Sahel same opphald i Noreg som broren har fått, seier Berg.

Aina Heldal Bøe

TRYGGLEIK: - No kan dei få ro og tryggleik, og sjå framover på livet saman, seier Aina Heldal Bøe som har vore verje for Faraidon.

Foto: NRK

– Tidlegare har dykk nekta opphald, kvifor har dykk snudd?

– Vi fekk ein del utsegn frå personar som kjenner Sahel. Det gjorde at vi fekk eit heilt anna inntrykk enn det som vart presentert ved første vedtak. Vi forstod at dei hadde ei forhistorie som gjorde at saka stod fram som heilt ny, seier Berg.

Kan sjå livet framover saman

– Det er heilt avgjerande at dei får vere saman, seier Aina Heldal Bøe.

Ho er tidlegare kjend som leiar for aksjonen som enda med opphald for vesle Nathan og hans familie i Arna. No er ho verje for Faraidon.

– No kan dei få ro og tryggleik, og sjå framover på livet saman, seier Bøe.

Og brørne har allereie framtidsplanane klare. Veslebror Faraidon satsar på å kome inn på legestudium, medan storebror Sahel ønskjer å bli ingeniør.