NRK Meny
Normal

Brenn opp gassen etter gasslekkasjen

Brannvesenet skal brenne opp restane av gass etter gasslekkasjen i Etne i går. Politiet etterforsker ulukka.

avfakling
Foto: Grannar/Torstein Nymoen

I går vart fleire skular og ein barnehage evakuert på grunn av lekkasje frå ein gasstank på Tongane i Etne. Så vart 21 personar evakuert frå heimane sine då ein ny lekkasje vart oppdaga.

Til slutt fekk politi og brannvesen tappa all propangassen frå tanken over på ein annan tank, for å få endeleg slutt på problemet. I dag skal brannvesenet tømme tanken for gass og brenne den opp.

Flammen kan bli opp mot fem meter høg melder politiet på Twitter.

Ifølge avisa Grannar er teknisk leiing i NCC og representantar frå underleverandørar på staden i dag.

Laster Twitter-innhold

Kontrollert brenning

– I går kveld og i natt har dei tømt propantanken med lekkasje over i en annan tank. Klokka 9.15 i dag begynte dei å brenne opp restane i tanken, slik at ein skal vere sikker på at alt er tømt, seier lensmann Ingvar Gjerde.

Lensmannskontoret har allereie satt igong etterforskning av arbeidsulukka.

– No er ein teknikar frå politiet på staden saman med branntekniske personar. Deretter blir det gjort avhøyr. Dette treng ikkje ta så lang tid, seier Gjerde.

Gjer eigen etterforsking

Det er NCC sin asfaltfabrikk på Etne som har ansvaret for gasstanken. I går sa kommunikasjonssjefen i NCC at bedrifta ynskjer ei etterforskning og undersøking velkomen. Ifølge dagleg leiar har dei satt i gong sine eigne undersøkingar.

– Selskapet sine prosedyrar for stenging av anlegget vart fulgt og hendinga varsla slik som det er lagt opp til. No skal vi gå igjennom hendinga for å finne ut kvifor det oppstod ein brann og gasslekkasje, sa direktør Joar Caspersen til NRK.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.