Hopp til innhold

Breivik innstilt som ny hamnesjef i Bergen

BERGEN (NRK): Hamnestyret vil ha brannsjef Johnny Breivik som ny hamnesjef, etter den betente cruisedåp-saka. – Han kan få oss på rett kjøl, seier dei tilsette.

Johnny Breivik

NY SJEF: Johnny Breivik har vore brannsjef i Bergen sidan 2011, og vert no hamnesjef i Bergen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Hamnestyret i Bergen har onsdag samrøystes innstilt Johnny Breivik som ny hamnesjef i Bergen.

– Breivik er ein leiar med strategisk teft, seier Jan Erik Kjerpeseth, styreleiar for Bergen og omland hamnestell.

Sidan 2011 har Breivik vore brannsjef i Bergen brannvesen.

– Han har gjort ein kjempeviktig jobb i brannvesenet, og vore gjennom mykje av det same som vi skal gjennom. No skal vi skape eit godt miljø og eit godt omdøme. Eg er heilt trygg på at Breivik vil gjere ein god jobb, seier Kjerpeseth.

Tangerås fekk sparken

I februar bestemte Havnerådet at Inge Tangerås ikkje fekk fortsetje i stillinga som hamnedirektør. Bakgrunnen var at Tangerås vart sikta for korrupsjon i den såkalla cruisedåp-saka.

Saka er no lagt vekk.

Skipsdåp i Bergen 17. mai 2015

STORSLÅTT: Slik såg det ut i Bergen då cruisebåten «Viking Star» vart døypt på 17. mai i 2015.

Foto: Tom Guldbrandsen

Kjerpeseth er ikkje i tvil om at Breivik er den beste kandidaten til å ta over jobben.

– Vi er glad for relasjonane han har til Bergen og kommunane rundt. Det er eit godt utgangspunkt for å sikre at vi blir ein god samarbeidspartnar, seier Kjerpeseth.

NRK har vore i kontakt med Breivik, som førebels ikkje vil kommentere innstillinga.

Fleire kandidatar

– Vi er nøgde med valet. Breivik er den rette leiaren og har gode kvalifikasjonar for å bringe Bergen Havn vidare, seier tillitsvald Stein Hauge.

Ulrik Jørgensen, som har fungert som hamnesjef etter Tangerås fekk sparken, var også ein av kandidatane til å ta over jobben.

Det var ingen kvinner på søkarlista.

Jan Erik Kjerpeseth

NØGD: Styreleiar Jan Erik Kjerpeseth er sikker på at Breivik er den beste kandidaten til jobben som hamnesjef.

Foto: Matte Anthun / NRK

– Eg hadde håpa at vi hadde hatt fleire sterke, kvinnelege søkarar. Dessverre var det ingen kvinner som valde å søke, men eg er uansett glad for at vi no har fått på plass ein veldig god kandidat, seier Kjerpeseth.

– Breivik har gjort ein kjempejobb i Bergen brannvesen. Han ønskjer å bygge eit godt lag, så vi er heilt sikre på at han er den rette leiaren for å få oss på rett kjøl, seier Hauge.

Dei siste ti åra har det vore 16 ulike hamnedirektørar. Hauge håpar det no vert meir ro i rekkene.

– Kontinuitet i leiarskapen er viktig for å kunne dra i same retning, seier Hauge.

Den formelle tilsettinga av Breivik skjer i Havnerådet 30. juni.