Hopp til innhold

Vakna med innbrotstjuv på soverommet

Ein 27-åring braut seg inn fleire hus i Fana i natt. Bebuarar ringte politiet å meldte frå om at dei hadde ein framand mann i huset.

– Spesielt ein av innringarane var svært oppskaka. Det har vi stor forståing for. Det er ikkje behageleg å vakne med ein framand mann på soverommet sitt midt på natta, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Kjersti Eidnes.

Klokka 01.14 kom første melding frå Nordås-området i Fana inn til politiet. Folk hadde sett ein mann som ringde på dører og oppførte seg mistenkjeleg.

Framand mann i huset

– Vi rykka og ut og leitte etter denne personen, men klarte ikkje å finne han, fortel Eidsnes.

Ein liten time etterpå kom det nye telefonar frå bebuarar rundt Nordåsneset.

– Då var det ein mann som hadde vakna av at innbrotstjuven sto inne på soverommet. Han sprang då han blei oppdaga, fortel Eidsnes.

På veg inn i hus nummer tre

Ein halvtime seinare, like før klokka kvart på tre i natt, fekk politiet endå ein telefon om at mannen hadde brote seg inn i eit hus der bebuarane sov. Også her la han på sprang då han blei oppdaga, fortel politiet.

Politiet heldt fram å leite, og fann til slutt mannen ved hjelp av hund som følgde sporet av mannen. Då var han i ferd med å bryte seg inn i hus nummer tre.

Tjuven er av afrikansk opphav, og fekk med seg mellom anna lommebøker, smykke og mobiltelefonar. Politiet kjenner til mannen frå før.

– Vi har vore i kontakt med dei som opplevde å få tjuven inn i huset midt på natta, og dei veit no at han er arrestert, seier Eidsheim.