Hopp til innhold

Braut seg inn medan familien sov

Ein person tok seg inn i ein bustad i Birkebeinergaten i Bergen tidleg torsdag morgon. Politiet undersøker om verdisaker er tekne frå bustaden. – Ein person har vore inne i bustaden medan bebuarane sov. Det er enno uklart om noko er vekke, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.