NRK Meny

Brannvesenet har kontroll i Røldal

Lastebilen står i ei lomme mellom Røldals- og Seljestadtunnelen. Tunnelane er stengt pga. det var ein del røyk. Det var snakk om at brakka på lastebilen kom litt for nær eksosrøyret på lastebilen, og at varmen herifrå har ført til at det tok fyr. Sjåføren har sjølv prøvd å bruka eit pulverapparat for å sløkka brannen, men no er brannvesenet i Røldal framme. Dei kjøler ned brakka, og har kontroll, opplyser brannvakta i Hordaland.