Hopp til innhold

Eksplosjon på ferje: – Vi er ikkje godt nok førebudd på slike brannar

Det lokale brannvesenet mangla sentral kunnskap for å sløkkje brannen i batterirommet på ferja i Kvinnherad. I dag er dei glad for at de valde å vera forsiktige under innsatsen.

Røykdykkarar i innsats på MF Ytterøyningen

FORSIKTIGE: Innsatsleiaren i det lokale brannvesenet bestemte seg for ei forsiktig tilnærming då dei fekk vita at det brann i batterirommet på ferja.

Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen

NRK rettar: I den første versjonen av denne saka var overskriften at det var batteria som eksploderte. Kva som eksploderte og kvifor eksplosjonen skjedde, er ikkje avklara enno.

– Eksplosjonen med brannmannskap i nærleiken kunne blitt svært alvorleg, seier brannsjef Atle Josdal i Kvinnherad brann og redning til NRK.

Dei er ferdige med evalueringa av innsatsen etter brannen i batterirommet på ferja MF «Ytterøyningen» ved Sydnes ferjekai i oktober.

Brannen utløyste dagen etter ein eksplosjon i ferja som har gitt skader for minst 20 millionar kroner. Til alt hell vart ingen personar skadd i ulukka.

For lite kunnskap

Hendinga var den første i sitt slag i Noreg. Det lokale brannvesenet konkluderer no med at dei ikkje var godt nok budde på det dei måtte rykkje ut på.

– Evalueringa av innsatsen viser mangel på kunnskap om farane, moglegheiter og metodar ved brann i batteri. Vest brann- og redningsregion vil med erfaringar frå denne hendinga innhente kunnskap som kan førebu brannvesen på slike type hendingar, heiter det i samandraget i evalueringsrapporten (ekstern lenke).

Det er brannsjefen sjølv som har leia evalueringa.

– Dette er teknologi som kjem for fullt. Då er det viktig at brannvesenet heng med i utviklinga. Vi treng nytt utstyr som kjemikalievern og vi treng kurs og opplæring for å kunne bruka det på riktig måte, seier Josdal.

Her jobber brannmannskapene etter eksplosjonen på ferja

KREVJANDE SLØKKEARBEID: Brannen om bord på MF «Ytterøyningen» var den første i sitt slag på ei ferje i Noreg. Biletet er tatt med drone og infraraudt kamera.

Foto: Bergen brannvesen

Eksploderte kort tid etter sjekk

Ferja var nokre hundre meter frå land og hadde 15 personar om bord då brannalarmen gjekk på kvelden torsdag 10. oktober.

Då brannmannskapa kom fram, vart det konstatert at oppdraget ikkje var av livreddande karakter, fordi alle var komne seg av ferja.

Etter å ha fått vite at det var i Li-Ion batterier i batterirommet det brann, vedtok innsatsleiaren ei forsiktig tilnærming i sløkkjeoppdraget og ville mellom anna at brannmannskap var minst mogleg om bord i ferja.

Undervegs var det også konstatert av det sivde ut flussyre frå batterirommet på ferja.

  • Like før klokka 20.54 melde innsatsleiar at dei hadde kontroll på brannen, då det nesten ikkje kom røyk frå ferja lenger. Berre ein halvtime seinare kom det likevel meir røyk, men sløkkingsarbeidet under dekk var svært krevjande.
  • Gjennom natta vart ein innsatsbil med tre personar halde igjen på kaia, for å utføre temperaturmålingar og vakthald. Dette gjorde dei kvart 15. minutt.
  • Klokka 05.00 bestemte mannskapa seg for å opne luka ned til batterirommet for å ventilere. Då steig temperaturen.
  • klokka 06.52 eksploderte batterirommet på ferja.

Evalueringsrapporten slår fast at den forsiktige tilnærminga til oppdraget viste seg til slutt å vera riktig avgjerd.

Brannmenn i arbeide på MF Ytterøyningen

KJEMIKALIEDYKKARAR:: Spesialmannskap måtte hentast frå Bergen. Etter innsatsen vart tolv brannmenn sendt til sjukehus for sjekk, etter at dei kunne ha vore eksponert for den farlege gassen flussyre.

Foto: BERGEN BRANNVESEN

– Brannvesenet har ikkje klart å følge utviklinga

Brannårsaka er framleis ikkje avklart. Ferja køyrde på diesel og batteripakka var kopla frå då brannen oppstod.

Dette gjorde at Sjøfartsdirektoratet, reiarlaget Norled og batteriprodusenten Corvus Energy kom med to tryggleiksråd til elferjer kort tid etter brannen.

Innan 2030 skal alle norske ferjer ha batteri om bord. Evalueringa etter brannen i Kvinnherad slår fast at brannvesena må henga seg på utviklinga.

– Brannvesena har ikkje klart å følgje med på utviklinga og vore godt nok førebudd for beredskapssituasjonar knytt til denne teknologien.

Det blir vidare foreslått å samle fagkompetansen innan batteriteknologi, både hjå brukarar, produsentar og styresmakter, i løpet av første kvartal neste år. Hensikta er å kartlegge om det finsk nok kunnskap til å lage trygge retningslinjer for innsatsen i slike brannar.

Brannsjef Atle Josdal i Kvinnherad håpar utveksling av informasjon mellom ulike brannvesen i Noreg gjer at ein står betre rusta ved slike hendingar i framtida.

– Batteriteknologi blir no vanleg på stadig fleire område. Då er det viktig at vi veit kva vi har å forholde oss til.

brann01

ETTERLYSER BETRE UTSTYR OG MEIR OPPLÆRING: Atle Josdal (t.v.) er brannsjef i Kvinnherad brann og redning. Her med røykdykkar Ruben Medhus på Sydnes ferjekai.

Foto: Christian Lura / NRK