Hopp til innhold

Her øver brannvesenet på det nye naudnettet

I dag koplar brannvesenet seg på det flunkande nye naudnettet. Dermed er politi, brann og helse endeleg på same frekvens.

Brannøving på Dale i Hordaland

I BRUK: Frå i dag av er brannvesenet i Hordaland også på det nye naudnettet. Her øver brannmannskapa i Dale på det nye sambandet.

Foto: Brannvesenet

– I dag brakar det laust for oss. Vi får mykje betre dekning på naudnettet og det blir langt lettare for brannvesenet, politiet og ambulansepersonell å forstå kvarandre i ein kritisk situasjon, seier leiar Jan Henning Fossedal ved 110-sentralen i Hordaland.

Det nye naudnettet er eit digitalt og landsdekkande radionett som skal brukast av naud- og beredskapsorganisasjonar. Tidlegare hadde politi, brann og helse separate løysingar for samband.

Kan kopla seg saman på sekundet

Både helse og politi i Hordaland tok i bruk det nye naudnettet tidlegare i år. No er også brannmannskapa på plass.

– No har vi endeleg eit system og eit samband der vi kan prate saman. Vi kan kople oss saman med politi og helse på eitt sekund. Beredskapen blir mykje betre.

Tidlegare har det vore 45 basestasjonar i Hordaland, pluss fem basestasjonar i Bergen. Under utbygginga av det nye naudnettet er det plassert ut kring 200 basestasjonar.

– Vi hadde fleire stader der det ikkje var dekning, sokalla sambandsskugge. No er målsettinga at det skal vera optimal dekning der folk bur og der folk ferdast, seier Fossedal.

Brannøvelse i Knappetunnelen

PÅ NETT: 110 i Hordaland koplar seg opp på det nye naudnettet i dag. Beredskapen og samhandlinga med politi og helse vil bli mykje betre og lettare. Her frå ei brannøving i Knappetunnelen i Bergen tidlegare i haust.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Demonstrasjon i Vaksdal

110-sentralen si oppkopling på det nye naudnettet blir markert med ei øving i Vaksdal. Poenget er å visa fram korleis sambandet fungerer når alle etatane er på same frekvens.

– I Dale vil ein absolutt merka øvinga. Det blir blålys og mykje røyk.

Under utbygginga av naudnettet har det kome kritikk mot at ikkje alle tunnelar får det installert. Av om lag 1000 tunnelar i landet, er det kring 300 som får det nye naudnettet.

– I Hordaland er det snakk om 52 tunnelar. I tillegg vil mange korte tunnelar få dekning utanfrå, seier Fossedal.

Det vil sei at korte tunnelar under 500 meter vil få dekning inne i tunnelen fordi signala utanfrå når gjennom.