Hopp til innhold

Brannstifting på vidaregåande skule

Brannvesenet rykka søndag ut til Knarvik Vidaregåande skule, der det var tent på ein papirdespenser inne på eit toalett, skriv Strilen. Brannen var så godt som sløkt då brannvesenet kom fram. Bygget var ope i samband med at ein frikyrkjelyd hadde gudsteneste der. Òg tidlegare i mars brann det på eit toalett på skulen.