Brannsjef slår alarm om ny togtunnel: – Vil ikkje kunna redda folk ved brannar og ulukker

95 prosent av den nye Ulrikstunnelen på Bergensbanen vil vera utan skikkeleg beredskap, ifølgje brannvesenet.

Brann i Ulrikstunnelen

BRANN UNDER ANLEGGSARBEID: I april i år braut det ut brann i ein trafostasjon i den nye Ulrikstunnelen mellom Bergen og Arna.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Brannvesenet i Bergen åtvarar om at dei vil kunna hjelpa til ved brannar og ulukker berre 200 meter inn i den åtte kilometer lange Ulrikstunnelen.

I eit brev til Bane Nor, om milliardprosjektet som no er under konstruksjon på Bergensbanen, rettar brannsjef Leif Linde kraftig kritikk mot beredskapstiltaka i tunnelen mellom Arna og Bergen.

Brannvesenet vil «mest sannsynlig ikke kunne ta seg frem til skadested for å bistå mennesker som har vært involvert i en hendelse», skriv Linde i brevet NRK har fått tilgang til.

Brannhydrantane er tenkt plassert på utsida av tunnelopningane. Bane Nor har ifølgje Linde ikkje planar for vassuttak inne i tunnelen, og det er heller ikkje lagt opp til ordningar som gjer at brannvesenet kan ta med seg tilstrekkelege mengder vatn inn.

– Det er ikkje godt nok, og me meiner det ikkje følger forskriftene. På det lengste er avstanden over 3,5 kilometer frå tunnelopninga. Det er altfor langt. Anten må det vera vatn gjennom tunnelen, eller så må det vera tankvogn med nok mengder sløkkevatn, seier Linde til NRK.

Brannsjef Leif Linde i Bergen

KRITISK: Brannsjef Leif Linde rettar krass kritikk mot Bane Nor i eit brev NRK har fått tilgang til.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Vil forfølga saka

Utan ei vogn til disposisjon for brannvesenet, er beredskapen heller ikkje god nok for ulukker, meiner han.

«Effektiv redningsinnsats vil begrense seg til maksimalt 200 meter fra hydrant dersom det ikke tilrettelegges for transport av personell og materiell», skriv brannsjefen i brevet.

Tunnelen blir 7,8 kilometer lang. 95 prosent av strekninga vil dermed vera utan skikkeleg beredskap, ifølgje brannsjefen. Linde seier brannvesenet ser svært alvorleg på saka.

– Me vil forfølga denne saka så langt som råd, dersom Bane Nor ikkje legg til rette slik me ønskjer, seier brannsjefen til NRK.

Linde opplever at Bane Nor ikkje vil legga ut for beredskapen brannvesenet krev.

– Inntrykket vårt er at Bane Nor «skrur litt til» med tanke på kva som vil koma av utgifter. Me hadde håpa dei ville koma oss meir i møte enn det me har opplevd til no, seier Linde om korrespondansen med Bane Nor.

Gjennomslag for tunnelboremaskinen Ulrikke

GJENNOMSLAG: Tunnelboremaskina «Ulrikke» kom gjennom fjellet i Fløen i august i fjor. Først i 2020 skal dette tunnelløpet takast i bruk.

Foto: Ingvild Fjelltveit / NRK

Bane Nor: – Berre ei skisse

NRK har bede om innsyn i fleire dokument som handlar om beredskapen i nye Ulrikstunnelen. Bane Nor har avslått alle førespurnadene.

Statsføretaket seier dei av tryggleiksmessige grunnar ikkje vil kommentera kritikken eller beredskapsløysingane som er skisserte.

– Bane Nor jobbar med å klargjera kva tekniske krav som gjeld og ansvarsfordelinga mellom oss og Bergen kommune. Bergen brannvesen sitt brev er eit innspel til denne pågåande prosessen, og endeleg løysing er ikkje avklara, skriv kommunikasjonsrådgjevar for utbygginga, Ingvild Eikeland, i ein e-post til NRK.

Både Bane Nor og brannvesenet understrekar at dei diskuterer beredskapstiltaka.

Brannsjef Linde har varsla eit møte med Statens jernbanetilsyn etter sommaren. Dersom Bane Nor ikkje kjem brannvesenet i møte, er Linde klar for å ta saka vidare.

– Eg håpar i det lengste at Bane Nor tar til fornuft. Viss ikkje dei ser dette sjølve, håpar eg andre styresmakter vil fortelja dei kor viktig det er å spela på lag med redningstenestene, seier Linde.

Etter publisering har Bane Nor sendt NRK følgande presisering:

«Bane NOR vil gjerne presisere at når Ulriken tunnel står ferdig, vil den være blant de aller tryggeste i landet med til sammen 16 rømningstunneler (for hver 500. meter) mellom de to parallelle tunnelløpene. Sikkerheten til passasjerene er alltid vår førsteprioritet, mens det materielle, som f.eks. togene, kommer i annen rekke.»