Brannsikta fengsla i fire nye veker

Mannen som er mistenkt for å stå bak tre brannar på Djønno i Hardanger er varetekstfengsla i fire nye veker. Retten meiner det er fare for gjentaking dersom han blir sleppt fri.

Brann på Djønno 4. juni

4. JUNI: Slik såg det ut då det brann på Djønno i Hardanger 4. juni. Éin mann er sikta for totalt tre brannar i den vesle bygda.

Foto: 03030-tipsar

– Sikta er fengsla i fire nye veker. Grunngjevinga til retten er at det framleis er fare for bevisforspillelse og at det er fare for gjentaking, seier politiadvokat Åse Berit Abelsen Børve.

Mannen er sikta for å stå bak ein brann 4. juni og to brannar i oktober. I juni brann ein einebustad og tre naust til grunne. 22. oktober byrja det å brenne i ein sauefjøs, men brannen blei rask sløkt av eigarane. Ingen personar eller dyr blei skadde i brannen.

Same familie råka av brannane

Oddbjørn Djønne

TRE BRANNAR: Oddbjørn Djønne har no vore vitne til at det har byrja brenne tre gonger i hus på eigedomen hans.

Foto: Tale Hauso / NRK

Dagen etter brannen 22. oktober blei mannen arrestert av politiet, mistenkt for å stå bak dei tre brannane i området. Det er same familie som har vore råka av dei tre brannane i området, i den siste brannen observerte familien ein mann på området som politiet arresterte morgonen etter.

Mannen har heile tida nekta straffskuld og hevda han var området for å poste eit brev som han hadde gløymt heime.

– Har gått frå dør til dør i bygda

I den vesle bygda Djønno har politiet avhøyrt dei fleste av dei kring 40 innbyggjarane som bur i bygda.

– Me etterforskar denne saka med fulle styrke. Me har avhøyrt mange, og fleire av desse vil bli kalla inn til nye avhøyr, seier politiadvokat Børve.

Brannen på Djønno

4. JULI: Her brenn ein einebustad og tre naust ned på Djønno i Hardanger, 4. juni. Einebustaden som blei reist på staden etter brannen blei tent på 17. oktober.

Foto: Jan Olav Eitrheim

I tillegg til at fleire avhøyr står att, ventar politiet på analysane frå materiale som er sendt inn for teknisk undersøking.

Fengsla med brev- og besøksforbod

Mannen har sete varetektsfengsla i fire veker medan politiet har etterforska saka. Torsdag blei mannen fengsla i fire nye veker i Hardanger tingrett, to av desse vekene med brev og besøksforbod.

– Han blei fengsla i fire nye veker både fordi retten meiner det er fare for bevisforspillelse og at det er fare for at gjentaking, seier Børve.

Mannen som er sikta nektar framleis straffskuld.

Siste video

Den tre kilometer lange tunnelen gjennom Løvstakken kan komme til å koste opp mot 150 millioner kroner.
Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.