BRANNEN UNDER KONTROLL:

Ein har no kontroll etter brannen i bustadhuset på Voss. Huset er søkt gjennom og alle personane er i tryggleik. Det går ikkje an å bu i huset, og bebuarane som kom seg ut av huset vil bli innlosjert hjå familie, ifølgje politiet. Årsaka til brannen er ikkje kjend.