NRK Meny
Normal

Kvinne alvorleg skadd etter brann

BERGEN (NRK): Den kraftige brannen ved Torget i Bergen sentrum er sløkt. Ei kvinne er alvorleg skadd og ein mann er lettare skadd etter brannen.

Brann Bergen

VIDEO: Det brenn i ein bustad i Bergen sentrum. FOTO: Kjell Jøran Hansen.

Store styrkar frå brannvesenet, politi og ambulansetenesta rykka ut då det 03.51 kom inn melding om at det brann i eit bustadhus i Vågsbunnen i Bergen sentrum.

Synleg i heile sentrum

Brann i Bergen

DRAMATISK: Brannen i sentrum var synleg over store deler av byen.

Foto: Eli Vaage

Røyksøyla frå brannen var synleg frå store delar av Bergen sentrum.

Klokka 05.50 melde brannvesenet at brannen var under kontroll, og brannsjef Johnny Breivik opplyser til NRK at brannen no er sløkt og at huset er totalskadd innvendig.

Ei kvinne er alvorleg skadd og ein 43 år gamal mann er lettare skadd etter husbrannen. Mannen skal ha fått røykskadar, opplyser Haukeland sjukehus.

Det brann både i andre og tredje etasje i bygget, som skal vere eit trehus.

– Det har vore ein formidabel innsats av røykdykkarane våre. Huset låg i eit trongt smug, som gjorde arbeidet tungt og vanskeleg. Vi var difor nøydd til å sløkke frå innsida av huset, seier Breivik.

SJÅ INTERVJU MED BRANNSJEFEN PÅ STADEN:

Store styrker fra brannvesenet kjempet mot flammene i Bergens trehusbebyggelse tirsdag morgen.

70 personar vart evakuerte

– Rundt 70 personar vart evakuerte, seier vaktkommandør Rune Hovlandsdal ved 110-sentralen i Hordaland. Dei evakuerte er frakta vekk frå staden i buss.

Brannvesenet sende ut over 30 personar frå mannskapet sitt frå fem ulike brannstasjonar.

Brannen var lenge ikkje under kontroll, og det var fare for spreiing til nabobygningane. Bustaden det brann i ligg tett med bustader og næringsbygg i området, og fleire bygningar er i tre.

– Så lenge brannen ikkje er under kontroll, kan vi ikkje sjå bort frå spreiing, sa Samsonsen.

– Det går no føre seg sløkkingsarbeid på staden. Vi varslar bebuarar i nærområdet, og tar hand om dei evakuerte, la Samsonsen til.

Evakuerte beboere

EVAKUERT: Sigrid Marie Langeland, Marie Rosendal og Margrethe Hyllest vart alle evakuert då det byrja å brenne i Bergen sentrum.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Politiet banka på døra

NRK sin reporter på staden møtte nokre studentar som var blitt evakuert frå heimen sin.

– Eg vart vekka av politiet som banka på døra og sa at det brann i nabolaget, og at vi måtte kome oss ut, seier Sigrid Marie Langeland.

– Eg forstod ikkje at det brann med ein gong, men då eg kom ut var det var ikkje vanskeleg å forstå, fordi då såg eg alle brannbilane utanfor, seier Marie Rosendal.

Ventar forseinkingar for bussane

Trafikken forbi Torget er no opna att for trafikk og bussane kjem igjen forbi brannstaden. Skyss opplyser til NRK at det likevel vil kunne verta forseinkingar på bussane til og frå Bergen sentrum utover morgonen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.