Hopp til innhold

Brannen er sløkt

Brannen i eit hus i Grova i Norheimsund er no sløkt. Det begynte å brenne på kjøkkenet i tredje etasje, og alle bebuarar kom seg ut sjølv. Brannvesenet opplyser at det er snakk om eit stort hus med fleire leilegheiter. Skadeomfanget er førebels ikkje kjend.