Hopp til innhold

Fleire brannar langs jernbanelinja

Det har vore fleire brannar langs jernbanelinja frå Vossevangen og austover. Ei vassvogn på jernbanen tok seg av ettersløkking.

Brann langs jernbanelinja på Voss

Brann langs jernbanelinja ved trafostasjonen ved Bjørkeli/utsikten på Voss.

Foto: Trond Grothen

Kort tid etter at eit godstog køyrde forbi Hagebyen i Strandavegen på Voss vart det meldt om brann i terrenget, laurdag ettermiddag.

Det skal ha vore mykje røyk på staden.

– Me byrjar å få kontroll, men det var fleire brannar, seier Torkjell Helle som er vaktkommandør ved 110-sentralen i Hordaland til NRK.

– Ingen hus er trua, seier han.

Det skal ha vore brannar fire til fem forskjellige stader mellom Tjukkabygdi og Vossevangen.

– Me fekk melding 16.25 at det var eit godstog som passerte Rognshagen og utsikta, og kort tid byrja det å brenne. Det var ein del brann i Vegetasjonen, og brannvesenet har kontroll, seier Terje Magnussen som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Ei vassvogn på jernbanen starta etter klokka fem ettersløkking etter brannane frå Vossevangen og austover.