NRK Meny
Normal

Brannane blussa opp att

Togtrafikken på Bergensbana går som normalt, men brannen har blussa opp at på Urland.

Skogbrann langs Bergensbanen
Foto: Dag Harald Kvammen Andersen

Brannmannskapa har overvåka områda som har vore råka av brannen natt til laurdag. Dei har dusja terrenget på dei mest kritiske plassane, mellom anna på Mjølfjell, for å hindra at brannen blusser opp att.

Men søndag ettermiddag blussa det opp at på Urdland, eit stykke frå Voss.

- Men det er vanskelig å kontrollere dette når det er så tørt i terrenget, seier togleder Nils Jakob Eide til nrkhordaland.no , søndag morgon.

Brannmannskapa klarte å få has på flammane natt laurdag, men like etter klokken halv tre laurdag ettermiddag, kom det melding om at dei var blussa opp att.

- Det brenn i området Rimegrend, Mjølfjell og fleire andre stader. Det er berre mindre brannar. Voss brannvern rykkar ut, sa vaktoperatør ved 110 sentralen i Bergen, laurdag ettermiddag.

Helikoptersløkking på Urdland

URDLAND: Helikopter prøvde å sløkka ein av dei mange brannane langs Bergensbanen.

Foto: Ole Andre Brekkhus

Førebels ikke stans i togtrafikken

Alle tog på Bergensbana mellom Myrdal og Voss sto fredag etter at skogbrannane langs jernbanestrekninga blussa opp att.

Sidan laurdag morgon har passasjerane kunne ta toget att.

- Kunne blitt dramatisk

Brannsjefen på Voss slo full alarm då det hagla inn meldingar om brannar langs Bergensbana natt til fredag. Politiet fekk første melding om brann ved 00.30-tida natt til fredag.

- Hadde det ikkje vore for at det var vindstille, kunne dette blitt veldig dramatisk, sa vakthavande brannsjef i Voss kommune, David Skjerven, til NRK fredag ettermiddag.

SJÅ BILETE FRÅ SLØKKINGSARBEIDET HER!

- Frykta dette lenge

Han har lenge frykta at noko slikt skulle skje, sidan det er så ekstremt tørt i terrenget. Tidlegare var det ikkje uvanleg at gnistar frå tog tente på skogbrannar langs sporet, men det skal ikkje ha skjedd på lenge.

Alle brannane er utløyste av gnistar frå eit tog med feil på bremsene.

Kartet nedanfor viser om lag kor det var skogbrannar natt til fredag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Omlag 50 personar deltok i sløkkingsarbeidet.

Siste video

Se 30 timers sending oppsummert på 63 sekunder.
Programleiar: Jan Børge Leirvik