Brannalarmen gjekk på Flesland
Brannvesenet rykte ut til Flesland der det gjekk ein brannalarm. Det viste seg å vere ein sprinkleralarm, men det har ikkje vore lekkasje på staden. Årsaka til at alarmen gjekk skal vere ein teknisk feil, opplyser brannvakta.