Hopp til innhold

Skaanes: – Det viktigaste målet eg har scora

Kasper Skaanes utlikna mot Stabæk i siste liten, og sikra Brann eit viktig poeng mot Stabæk på Nadderud.

Kasper Skaanes
Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Det blei ei dramatisk avslutning på den elles målfattige og noko tafatte kampen på Nadderud i kveld.

Heilt på tampen scorar Jon Inge Høiland for Stabæk, og det ser ut til at Brann må reise heim til Bergen med nok eit tap på skuldrene.

Men slik skulle det ikkje gå. Så snart spelet er i gong svarar Brann. Askar legg inn i feltet til Skaanes, som står opent og headar ballen rett i mål. Dermed sikra han Brann eit viktig poeng.

– Det var det viktigaste målet jeg har scora. Det var godt å få eit mål som betydde noko, sa Skaanes til TV2 etter kampen.

Leciejewski ute neste kamp

Både Azar Karadas og Leciejewski må stå over neste kamp etter gule kort i det 86. minutt. Kampen var lenge roleg og målfattig, men det kokte over for fleire av spelarane då Karadas fekk gult kort.

Leciejewski får ikkje spele kampen mot Viking i neste runde, etter at han fekk gult kort i diskusjonen som oppsto etter kortet til Karadas.

Stabæk klarte å få ballen i mål i det 90. minutt. Like etter finn også Brann målet, og Kasper Skaanes gir Brann nytt håp.

Vil knekke Stabæk

Då NRK snakka med Erik Huseklepp i går var han ikkje i tvil om at raudtrøyene kom til å trekke det lengste strået.

– Vi vil prøve å utnytte motgangen Stabæk har hatt til vår fordel, ved å ikkje gje dei noko gratis sjølvtillit. Om vi klarer å ta kontroll over kampen tidleg, er det større sannsyn for at eit lag i motgang knekker, enn eit lag med stor sjølvtillit, sa Brann-spissen då.

Karadas startar på benken

Huseklepp sto i startellevaren i kveld, medan Amin Askar starta kampen på benken. Sett vekk i frå desse endringane starta det same laget som spelte mot Strømsgodset sist helg.

Azar Karadas er ny i troppen, og fekk ikkje fått ein plass på bana frå start.

Slik starta Brann mot Stabæk:

Brann (4-4-2): Piotr Leciejewski - Andreas Vindheim, Jonas Grønner, Erlend Hanstveit, Erdin Demir - Erik Huseklepp, Fredrik Haugen, Stéphane Badji, Kasper Skaanes - Jakob Orlov, Kristoffer Barmen.

På benken: Øystein Øvretveit, Birkir Már Sævarsson, Hassan El Fakiri, Azar Karadas, Ibrahima Dramé, Håkon Lorentzen, Amin Askar.

Stabæk (4-2-3-1): Mande Sayouba - Anders Trondsen, Jon Inge Høiland, Morten Skjønsberg, Daniel Granli - Tomasz Sokolowski, Enock Adu - Luc Kassi, Michael Stephens, Fredrik Brustad - Franck Boli.

På benken: Borger Thomas, Timmi Johansen, Nicolai Næss, Stian Sortevik, Emil Dahle, Ville Jalasto, Craig Henderson.