Hopp til innhold

Rooney kan få Everton-debuten mot Brann

Brann får bryna seg på engelsk storlag dersom dei tek seg vidare i Europaligaen. – Dei er ekstremt store favorittar.

Everton og Wayne Rooney

MØTER BRANN: Brann kan møta Everton dersom dei tar seg vidare i Europaligaen. Everton var motstandar sist gong deltok i Europa. Då tapte Brann 1–8 samanlagt.

Foto: Khalfan Said / AP

Dersom Brann tek seg vidare til 3. kvalifiseringsrunde til Europaligaen, møter dei Premier League-laget Everton. Det er klart etter trekninga i den sveitsiske byen Nyon fredag.

Det betyr at Brann kan få besøk av nysignerte Wayne Rooney dersom dei gjer jobben mot laget frå Slovakia.

– Utan tvil ein av dei tøffaste motstandarane me kunne få, seier sportssjef i Brann, Rune Soltvedt.

Rune Soltvedt, sportsleg leiar i Brann

OPTIMIST: Sportssjef Rune Soltvedt trur Brann kan overraska Everton, men legg ikkje skjul på at Premier League-laget er store favorittar uavhengig om det er Brann eller slovakiske Ruzomberok dei får på besøk.

Foto: Leif Rune Løland, NRK

Sportsklubben har alle tiders utgangspunkt til å ta seg vidare i Europaligaen, etter at laget slo slovakiske Ruzomberok 1–0 på bortebane torsdag kveld.

Brann var useeda i trekninga og kunne bli trekt mot lag som Gent, Sparta Praha og Maritimo. I tillegg til Everton låg anten Astra Giurgiu / Zirë og Apollon Limassol / Zaria Balti i potten.

Sportssjefen legg ikkje skjul på at Brann kunne tenkt seg ein lettare motstandar.

– Når ein har eit mål om å gå vidare håpar ein alltid på lettast mogleg motstand, men kva er lettast mogleg motstand i Europa? Når du først trekk eit av dei aller beste laga, er det gjerne greitt at det er eit lag som Everton.

Bismar Acosta scorer mot Ruzomberok

BORTEMÅL: Bismar Acosta sikra Brann eit ypparleg utgangspunkt etter 1–0 i slovakiske Ruzomberok torsdag 13. juli. Returoppgjeret går 20. juli.

Foto: Sportsklubben Brann

Med eit godt utgangspunkt frå kampen i Ruzomberok, har sportssjefen stor tru på at Brann kjem seg vidare i Europaligaen.

– Det er eit lag som kjem til å vera ekstremt store favorittar, anten det er mot oss eller Ruzomberok. Premier League er ein toppliga i Europa og i utgangspunktet er norsk fotball langt, langt bak. Men i enkeltkampar kan me overraska. Kjem me oss vidare kan det vera ein fordel for oss at Everton vil vera i sesongoppkøyringa.

9. juli signerte Wayne Rooney for dei mørkeblå etter 13 år i Manchester United. Med ei lang sesongoppkøyring i England, kan nettopp kvalifiseringa til Europaligaen bli Rooney sin første offisielle kamp for klubben.

Wayne Rooney

DEBUT MOT BRANN? Wayne Rooney signerte for Liverpool 9. juli. Hans første offisielle kamp kan bli mot vinnaren av dobbeltoppgjeret Brann-Ruzomberok.

Foto: Anthony McArdle/www.evertonfc.com

Det har òg sportssjefen i Brann fått med seg.

– Eg har notert meg overgangen, men eg trur ikkje det er ein enkeltspelar me er nøydde til å stoppa. Slår me ut Ruzomberok, ventar eg stor interesse rundt kampen og forhåpentlegvis mykje folk. Rooney er eit trekkplaster og interessa rundt kampen vil nok ikkje bli mindre av at han er med.

Stortap for ni år sidan

Brann vil få bortekamp først (27. juli) og heimekamp 3. august.

Everton var også Branns motstandar sist gong Brann deltok i europacupen.

I 2008 spelte Brann mot laget frå Liverpool i det som den gongen gjekk under namnet UEFA-cupen. I åttandedelsfinalen vann Everton 2–0 på Stadion før britane knuste Brann 6–1 på Goodison Park.

Tore Reginiussen

BORTEMÅL: Brian Gartland (skjult) pirkar ballen inn i eige mål framfor snuta på Tore Reginiussen.

Foto: Liam Mcburney / AP

RBK trekte Celtic

I mesterligatrekninga blei det klart at RBK møter Celtic eller Linfield, viss dei slår ut Dundalk. Det blir mest truleg skotske Celtic.

Rosenborg sleit med å takla eit entusiastisk Dundalk i Irland onsdag, men Tore Reginiussen si utlikning til 1–1 gav trønderane ein fordel før returkampen på Lerkendal.

Kampane i 3. kvalifiseringsrunde går 25/26. juli og 1/2. august. Rosenborg startar ei eventuell 3. kvalifiseringsrunde på heimebane.