NRK Meny
Normal

– Dette blir den viktigaste kampen eg har spelt mot Rosenborg

Erik Huseklepp meiner Brann ikkje har tid til å deppa over cupexiten.

Erik Huseklepp

GLER SEG: Erik Huseklepp meiner han har vore god dei siste kampane, og at han gler seg til å ta imot Rosenborg på heimebane.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Kvar kamp me har att er ein cupfinale.

Rikard Norling

Ein tung sesong for Brann vart enda litt tristare denne veka. Odd sende Brann ut av cupen på torsdag. Søndag møter Brann Rosenborg på heimebane.

– Kvar kamp me har att no er ein cupfinale. No må me berre køyre på, seier Brann-trenar, Rikard Norling.

– Me har ikkje tid til å vere skuffa

Branns trener Rikard Nordling under eliteseriekampen i fotball mellom Start-Brann på Sparebanken Sør

SPENT: Trenar Rikard Norling seier Brann hadde hatt veldig godt av ein siger no, og er spent framfor den viktige kampen søndag kveld.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Brann ligg på 15. plass på tabellen, og kjempar no for å unngå nedrykk i år. Erik Huseklepp har ikkje tenkt å bruke tida på å sørgje over cup-tapet.

– Me har ikkje tid til å vere skuffa no. Kampen på søndag er ekstremt viktig. Dette er den viktigaste kampen mot RBK sidan me kjempa om seriegull i 2007, seier Huseklepp.

Gler du deg eller gruar du deg til ein slik kamp?

– Eg gler meg. Det er ikkje vits å grue seg for det er jo ikkje noko me treng å vere redde for. Me skal rett ut for å prøve og ta dei tre poenga. Dei siste kampane har eg vore god.

– Me hadde hatt godt av ein siger

Framfor kampen mot Aalesund mobiliserte supporterar og klubben på sosiale medium for å få flest mogleg til å møte opp og støtte laget på heimebane, og 13.500 stilte opp. Billettsalet framfor søndagens møte med Rosenborg har no passert 10.000.

– Det var veldig vakkert det supporterane gav under den kampen, seier Norling som håpar at like mange vil kome på stadion og støtte laget på søndag.

Kor viktig er det med siger no?

Rikard Norling og Jakob Orlov

ORLOV UTE: Jacob Orlov vil mest sannsynleg ikkje vere speleklar til møtet med Rosenborg.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Me hadde hatt veldig godt av ein siger no, men samstundes kjem me til å jobbe steinhardt vidare uansett kva som skjer, svarar Norling.

Orlov ute

Om lag ein halvtime ute i kvartfinalen på torsdag tok Jacob Orlov seg til baksida av låret og vart bytta ut. Nordling trur ikkje han vil vere klar til den viktige kampen.

– Slik det ser ut no så er nok ikkje Orlov spelbar til søndagskampen. Men me har framleis gode moglegheiter i både Marcus Pedersen og Kristoffer Barmen.

Du kan fylgje kampen på våre nettsider frå klokka 18 søndag!