Brann-spelar slaktar taktikken

– Taktikken svikta, seier fleire Brann-spelarar etter cupfadesen mot Hødd.

Erik Mjelde

SLAKTAR TAKTIKKEN: Erik Mjelde slaktar taktikken, spesielt i 2. omgang.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
Rune Skarsfjord

PÅ KAMMERSET: Rune Skarsfjord seier dei vil snakka om taktikken på kammerset.

Foto: Alf Vidar Snæland/Sunnfjord Media

Mange var rasande og skuffa etter at Brann tapte semifinalen mot førstedivisjonslaget Hødd i går.

– Det er heilt jævlig, seier midtbanespelar og tidlegare Brann-kaptein Erik Mjelde om kampen og resultatet.

– Frykteleg dårleg

Brann tok leiinga, og gjekk til pause med stillinga 1-1. Men etter pausen gjekk det meste gale, meiner mange av spelarane.

– Det var frykteleg dårleg taktikk i 2. omgang, seier Erik Mjelde til NRK.no.

Han meiner blant anna det var heilt feil å senda mange lange ballar fram mot Kim Ojo.

Det betyr at han rettar kritikk mot sin eigen trenar, Rune Skarsfjord.

Fleire andre spelarar støttar Mjelde, og seier til Bergens Tidende at taktikken var for dårleg.

– Spelet var ikkje slik det pleier. Vi fekk ikkje vendt spelet. Det var ikkje lett for meg å gå framover, seier Birkir Sævarsson til avisa.

Avviser kritikken

Men Skarsfjord meiner taktikken ikkje var så ulik den klubben brukte då Brann vann mot Rosenborg.

– Dette får vi ta på kammerset. Men elles får Erik Mjelde stå for det han meiner sjølv, seier Skarsfjord.

– Men tar du sjølvkritikk for det som skjedde i 2. omgang?

– Ja, no spelte ikkje eg 2. omgang. Men eg tar sjølvkritikk på alt, seier Skarsfjord.

Trenaren seier det er synd at mange av spelarane var langt i frå å spela opp mot sitt beste i går.

Rune Skarsfjord var ikke veldig fornøyd med eget lags innsats i semifinalen mot Hødd, hvor Brann tapte 3-1

SJÅ VIDEO: Brann-trenar Rune Skarsfjord meiner Hødd spelte opp mot sitt beste.

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.