Brann kan få sambafotball på laget

Angriparen Luís Gueguel (24) frå den brasilianske storklubben Palmeiras er på treningsvisitt i Brann.

Luis Gueguel

TRENTE I DAG: Brasilianaren viste seg fram under Brann-trening i Vestlandshallen i føremiddag.

Foto: Per Wie / BRANN.NO

Treng Brann brasiliansk kompetanse? Kommentér saka nederst!

I fylgje brann.no kom den 1.90-høge spissen til Bergen laurdag, og trente for fyrste gong med laget i Vestlandshallen i dag.

– Palmeiras er ein av dei største klubbane i Brasil og Luís har ikkje klart å koma seg inn på A-laget. Men han er ein god spiss som er sterk i lufta. Me har ikkje sett han live, men me har sett han på video. No ynskjer me å sjå han her dei neste dagane, seier hovudtrenar i Brann, Rune Skarsfjord.

Luis Gueguel

Luís Gueguel i aksjon under trening i Vestlandshallen i dag.

Foto: Per Wie / BRANN.NO


I fyrste omgang vil det vera aktuelt med eit utlån av Gueguel til Brann.

– No skal han vera her fram til overgangsvindauga stengjer torsdag slik at me kan verta kjent med han. I laupet av denne tida vil me avgjera om det vert ein låneavtale no, eller kanskje til sommaren, forklarer Skarsfjord.

Om du er higen på å sjå den brasilianske spissen i aksjon, vil det vera mogleg på måndag, då Brann 2 møter Sotra på Nymark.

Siste video

Eit av landsets største gatekunst-bilete, problemferja på E39 og nedlegging av akuttkirurgi ved lokalsjukehus. Sjå meir i denne utgåva av Vestlandsrevyen. Programleiar: Jan Børge Leirvik.
På nytt vekker gatekunstner AFK oppsikt. Nå har han malt det som trolig er landets lengste «street art», laget av en enkelt kunstner.
Kinsarvik skule vant Hordalandsfinalen i Klassequizen 2017.