Med over 80 prosent sjanse for å rykke ned, er det med kniven på strupen Brann entrar stadion i Bergen i kveld. Brann ventar opp mot 14.000 til kampen, og presset er enormt.
AaFK ligg også dårleg an på ein 13. plass, men har iallefall litt rom ned til nedrykksmyra.
– Forhåpentlegvis losnar det for oss i dag, seier Azar Karadas.
- LES OGSÅ: – Brann treng press for å prestere
Satsar på tre poeng
I går hadde Brann-laget si siste trening før kampen dei absolutt må vinne. Trass i den elendige situasjonen laget er i, var det forsiktig optimisme å spore i Brann-rekkene.
– Vi har to gode kampar bak oss, der vi likevel ikkje klarer å hente poeng. I dei kampane ser vi likevel at det bur noko i laget, og det har vore til tider gode prestasjonar. Vi satsar vi på å ta med oss alle poenga mot AaFK, seier Karadas.
- LES OGSÅ: Brann tapte alt på overtid
– Brann har kniven på strupen
Spesielt trur Karadas at engasjementet bergensarane har sett i gong for å fylle stadion vil vere ein fordel for raudtrøyene.
– Det er heilt fantastisk. Vi skal prøve å betale dei tilbake ved å skaffe tre poeng i dag, seier Karadas.
Men Karadas er langt i frå den einaste som vil kapre dei viktige poenga i kveld.
– Brann har kniven på strupen, så eg trur det blir ein ganske tøff kamp. Dei treng poenga, men det gjer sjølvsagt vi også, så vi må gjere vårt aller beste, seier Aalesund-spelar Fredrik Ulvestad.
– Karadas er som ein pappa
Karadas kom til klubben denne sommaren, og har på kort tid tatt ein leiarrolle i laget.
STOLAR PÅ KARADAS: Brann-trenar Rikard Norling er positiv til leiarrolla Azar Karadas har tatt i laget.
Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpixKaradas har tidlegare hatt to periodar for klubben, og har erfaringa andre delar av spelarstallen førebels manglar.
– Han er ein gladiator. Vi har mange gladiatorar i laget, men for at dei unge skal lære seg korleis ein ter seg som ein, må dei ha nokon som viser veg. Han er som ein pappa, som set standarden og seier klart i frå når det er nok, seier Brann-trenar Rikard Norling.
– Det er alltid hyggeleg å få positive tilbakemeldingar, men fokuset er på laget og ikkje enkeltspelarar. Vi er saman ute på bana, seier Karadas.
- LES OGSÅ: Trur Brann rykker ned