Hopp til innhold

– Spelarane gjer eit ordentleg forsøk

Rikard Norling sine menn skuffa stort i serieopninga. Heimelaget Sarpsborg 08 stoppa ikkje før det stod 3–0. Men Brann-trenaren vil ikkje høyra snakk om noko krise.

Norling etter tapet mot sarpsborg 08

DEPPA, MEN: Rikard Norling saman med Brann-spelarane etter kampen. – Ein skal ikkje ta for store positive ord når ein tapar 0-3, for ingen som elskar Brann vil lika å sjå meg gjera det. Men som sagt, så gjer spelarane eit ordentleg forsøk tykkjer eg.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Piotr fortvilar

FORTVILA: Piotr Lecejewski var ikkje i perlehumør etter å ha laga straffe til Sarpsborg i første omgang. Etter 90 minutt hadde han plukka tre ballar ut av nettet.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Det vart mildt sagt ingen god start på Tippeligaen 2014 for Brann. Bergensarane vart nokre nummer for små då heimelaget Sarpsborg tok ein komfortabel 3–0 siger.

– Kva skal eg seia? Vi er skuffa sjølvsagt, over resultatet og spelet, seier Brann-trenar Rikard Norling til NRK etter kampen.

– Eg er personleg glad for støtta vi får av supporterane, dei gjorde eit tappert forsøk. Og sjølv om vi ikkje spelar god fotball så skal spelarane ha kreditt for å gjort gode forsøk, legg han til.

Leia 2–0 til pause

Det var Sarpsborg-debutant Bojan Zajic som fekk æra av å opna ballet. Etter 20 minutt kom han seg fri ved 16-meteren og sende av garde eit velplassert skot. Den fauk inn bak Piotr Leciejewski og 1–0 til heimelaget.

Og vondt skulle bli verre kort tid seinare. På veg gjennom felte Leciejewski heimelaget sin spiss Aaron Samuel Olanare. Klar straffe til Sarpsborg medan Brann-keeperen vart lønna med eit gult kort.

Straffa tok Olanare sjølv. Han var tryggleiken sjølv, og Sarpsborg kunne gå til pause med 2–0 leiing.

Demidov laga straffe

Sarpsborg knuser Brann

SKÅRA TO PÅ STRAFFE: Aaron Samuel Olanare har skåra to mål frå elleve meter. Brann skuffar stort i serieopninga.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Rikard Norling må ha sagt nokon velvalde ord i pausen, for Brann såg piggare ut dei første minutta etter pause. Etter 48 minutt var Huseklepp farleg frampå.

Amin Askar slo hardt inn frå høgresida, og Brann-spissen fekk ei tå på ballen. Men Kerr i Sarpsborg målet rusa ut og klarerte med beina.

– Vi løftar oss litt i andre omgang og mistar litt momentum når vi får den andre straffa i mot, kommenterer Norling.

For etter 52 minutt var det Brann-debutant Vadim Demidov som hamna i fokus. Målskårar Olanare kom seg forbi og vart felt av Demidov. Ein sein felling, og Olanare var heller ikkje i ein klar skåringsposisjon.

Men straffa var klar og spissen fekk ein ny sjanse. Den misbrukte han ikkje, og Olanare kunne jubla for sitt andre mål frå straffemerket.

– Vi vil vinna kvar kamp

Brann-trenaren fortel at det no blir heim å analysere kampen, før ein utover veka rettar fokuset mot heimekampen mot Stabæk neste søndag.

Norling vil ikkje snakke om noko krise, sjølv om 0–3 ser svart ut på papiret.

– Skulle eg sagt noko anna, at her er ingen feil, er eg ikkje riktig korrekt. Samstundes skal vi ikkje gjera det veldig mykje større enn det er.

– Endrar tapet målsetninga din?

– Målsetninga er å vinna kvar kamp, og vår ambisjon kan ikkje vera noko anna. Det er svaret på spørsmålet, smiler Norling.

Kva er du mest nøgd med?

– Ein skal ikkje ta for store positive ord når ein tapar 0-3, for ingen som elskar Brann vil lika å sjå meg gjera det. Men som sagt, så gjer spelarane eit ordentleg forsøk tykkjer eg.

Slik var kampen

Laster innhold, vennligst vent..