Hopp til innhold

Brannen på Stord er sløkt

STORD (NRK): Brannen som braut ut i ei garasje i Kviteluren på Haga er no sløkt. Eigaren av garasjen har pusta inn røyk.

Brann på Stord

FLEIRE EVAKUERT: Fleire personar er evakuert etter at det begynte å brenne i ei garasje på Stord.

Foto: Tale Hauso / NRK

Det bles sterk kuling i området der brannen braut ut på Stord i ettermiddag.

Politiet fekk melding om brannen kl. 15.27. Kl. 16.30 blir det meldt om at brannen er sløkt.

Til saman fire hus blei evakuert.

– Eg har ingen informasjon som tyder på at dei skal vere skada, seier operasjonsleiar Brit Randulff i Sør-Vest politidistrikt.

Det er mykje røyk i området, og brannvesen, ambulanse og politi er på staden.

Stord-brann-101219-ho

KONTROLL: Rundt kl. 16.30 er brannen sløkt.

Foto: Tale Hauso / NRK

Eigaren har pusta inn røyk

Kl. 16.45 melder politiet i Sør-Vest på Twitter at eigaren av garasjen har pusta inn noko røyk. Vedkommande får hjelpe av ambulansepersonell.

Garasjen er nedbrent, og ein bil som var inni garasjen er også tatt av brannen.

Det er mindre brannskadar på den eine sida av huset.

Evakuert fire hus

Innsatsleiar Henning Vik fortel til NRK kl. 16.15 at brannvesenet begynner å få kontroll på brannen.

– Det er ikkje meldt om skader og vi har kontroll på dei som bur i huset. Grunna vind og spreiingsfare har vi måtte evakuere fire hus som ligg rundt, seier Vik.

Kva veit de om spreiingsfaren no?

– Brannvesenet har så god kontroll at det ikkje er spreiingsfare akkurat no. Men det er ein del røyk, og derfor ønskjer vi at folk held seg vekke inntil vidare.

Ifølgje Vik skal det vere nokre elsyklar inne i garasjen.

– Batteria der kan gi frå seg farlege gassar, og derfor vil vi at folk held seg vekke frå området.

Slik situasjonen er no, vil ikkje fleire bli evakuert.

brann på haga