Hopp til innhold

Brann på Møhlenpris skole

Store styrkar frå brannvesenet greidde å sløkka ein brann på Møhlenpris skole i Bergen fredag kveld.

Like før klokka 22 melde brannvesenet at brannen er sløkt, og at dei held på med ettersløkking.

Store styrkar rykka ut til skulen i Bergen sentrum då brannmeldinga kom inn tidlegare på kvelden.

– Det brenn i gymsalen, sa vaktkommandør Rune Hovlandsdal på 110-sentralen i Hordaland til NRK klokka 20.40.

Det skal vera ein tilsett ved skulen som melde om brannen.

Mykje røyk

Ifølge NRK sin reporter på staden er det store styrker frå brannvesenet og politiet på brannstaden, og det kom mykje røyk ut frå fleire vindauge på skulen.

– Me har ein større brann på Møhlenpris skole, sa Hovlandsdal til NRK klokka 21.10.

Brann Møhlenpris

SPERRA AV: Området vart sperra av rundt Møhlenpris skole.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Politiet sperra av området rundt skulen.

Rundt klokka 21 var situasjonen kritisk og uavklart.

– Me er inn i ein kritisk fase og brannvesenet jobbar med å få lokalisert og sløkt brannen, sa innsatsleiar i politiet, Bjørn Træen, til NRK.

Under oppussing

Skulen er under oppussing, og politiet opplyser at det ikkje skal vera mistanke om at det er personar inne i bygget.

Klokka 21.30 hadde brannvesenet får situasjonen under kontroll.

– Brannen er under kontroll og me har store mannskapsstyrkar der, seier Hovlandsdal til NRK.

Brannvesenet driv framleis med ettersløkking.

  • SJÅ VIDEO:
    Brann i Bergen