Hopp til innhold

Rykka ut etter eksplosjonar på byggeplass

Fleire containerar tok fyr på ein byggeplass på Landås i Bergen torsdag kveld. Brannen vart sløkt etter kort tid.

brann

HØGE FLAMMAR: Brannen på ein byggeplass ved Slettebakken på Landås torsdag kveld var godt synleg for bebuarar i området. Brannvesenet fekk raskt kontroll på flammane.

Foto: ERLING JOHNSEN / NRK

Klokka 20.30 melde brannvesenet om brann på ein byggeplass ved Slettebakken på Landås.

– Det er mykje flammar og røyk, og fleire har høyrt eksplosjonar. Det kan hende at det har vore gassflaske på området, sa Stig Tetler ved 110-sentralen i Hordaland.

Klokka 20.42 melde brannvesenet at brannen var sløkt.

Brann Landås
Foto: ARNE FRANK SOLHEIM / NRK

– Det ser ut til at det var nokre containerar som hadde tatt fyr. Dei avga høge flammar og masse røyk. Brannvesenet har eit lag som går gjennom brakkene no, men ingen er meldt skada eller sakna, seier Bjarte Rebnord operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Brannen fekk konsekvensar for trafikken, og på eit tidspunkt vart all trafikk stogga ved Sletten senter, ifølge BT. Vegen er no open.

Laster Twitter-innhold