NRK Meny
Normal

Brann på direkte nedrykk

Det kan sjå ut til at sesongen det skulle blir gull, i staden vil handle om å ikkje rykke ned.

Brann etter tap mot MOlde

TØFF SESONG: Brann må jobbe hardt denne hausten for å ikkje rykke ned.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Mohamed Elyounoussi etter hattrick mot Brann

HATTRICK: Mohamed Elyounoussi vann kampen om å bli toppscorar med tre mål. Amin Askar scora to mål for Brann.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / NTB scanpix

– Dette er forferdeleg surt, seier tomålsscorar Amin Askar til NRK etter 4 - 2 tapet mot Molde på Aker stadion i kveld.

Det såg så lovande ut då Amin i det 27. minutt klinka inn sitt andre mål i kampen og førte Brann opp i leiinga. Men til slutt viste Molde kvifor dei ligg på toppen av tabellen: Dei klarer å vinne fotballkampar.

Direkte nedrykk

Norling! Norling! Norling! ropte Brann-supporterane då Norling tok over som Brann-trenar. Mange var sikre på at 2014 var året då Brann igjen skulle «ta gullet hem».

Vel seks månedar seinare kan Brann knapt synke lavare på tabellen.

– Vi startar kampen heilt greit, og var sterke nok til å snu det etter Elyounoussi scorte etter 13 minutt. Det var godt å få dei to gode scoringane, men veldig surt å sleppe inn det siste målet berre sekund før kampen var slutt, seier Askar.

– Vi må ikkje få panikk

Amin Askar

SKUFFA: Amin Askar var skuffa etter kampen, men trur Brann vil klatre opp frå botnen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix
Rikard Norling

IKKJE STOLT: Brann-trenar Rikard Norling vil arbeide vidare for snu situasjonen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Om vi hadde vunne hadde vi fått ei heilt vilt bra oppleving, seier Askar.

Askar er nemleg optimist, og trur at det er mogeleg for Brann å reise seg frå frå hengemyra i botnen på tabellen.

– Vi må spele god fotball og ha tru på det vi gjer. Vi må ikkje begynne å få panikk, seier Askar.

– Eg er ikkje stolt

I tillegg til plasseringa på tabellen har også Brann slept inn ein heil del mål denne sesongen.

– Ein er ikkje verken nøgd eller stolt over seg sjølv når ein ser på den statistikken. Eg har eit stort ansvar for å arbeide vidare. Vi må blir betre defensivt, seier Norling.

Men det er ikkje berre mørke og fortviling å ta med seg frå kampen i dag. Brann spelar i periodar god fotball.

– Askar fortener poeng

– I første omgang har Molde iniativitet, men vi klarer å vende det. Vi hadde hatt godt av å halde leiiinga ut første omgang. Molde var betre enn oss i andre omgang, seier Norling.

Norling synest det er trassig at Askar ikkje får poeng med seg heim til Bergen, når han leverer to mål.

– Askar hadde fortent at vi kom heim med poeng i dag. Han har slete lenge både for seg sjølv og for lage si skuld, og fortener uttelling for det, seier Norling.

Siste video

Transportselskapet Skyss forsøker seg på verdsrekord - for å setje fokus på refleksbruk.