Hopp til innhold

Brann opna sesongen med heimesiger

BERGEN: Brann overtydde i årets fyrste heimekamp, og vann 2–0 over Bodø/Glimt.

Bergen 20180318.Branns Fredrik Haugen (tv) Ruben Kristiansen, keeper Samuel Sahin-Radlinger, Kasper Skaanes, assistenttrener Robert Hauge og Ludcinio Marengo etter 2-0 seier i Eliteseriekampen i fotball mellom Brann og Bodø / Glimt på Brann Stadion. 2-0. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Brann starta best og tok leiinga etter 18 minutt, då Steffen Lie Skålevik sette ein retur frå glimtkeeperen i mål.

Fem minutt før pause scora brannkaptein Vito Wormgoor på straffe.

Brann leverte ein solid fyrsteomgang, men Glimt kom sterkare att etter pause. Dei kom til fleire sjansar, men greidde aldri å setja ballen i mål.

Bergen 20180318.Eliteseriekampen i fotball mellom Brann og Bodø / Glimt på Brann Stadion.Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

BRANN STADION: Brannkaptein Vito Wormgoor scorar frå straffemerket like før pause.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Zoran Popovic og Vegard Leikvoll Moberg frå Glimt fekk gult kort.

Etter kampen står både Brann og Bodø/Glimt med tre poeng.

Dommar Tommy Skjerven leidde kampen, og 8447 tilskodarar hadde teke turen til Brann stadion denne kalde marskvelden.

2. april møter Brann Strømsgodset i Drammen.

Laster innhold, vennligst vent..