Hopp til innhold

– Siger er ikkje umogeleg

I serien har ikkje Brann vunne på bortebane mot Viking sidan 2008. Dei har tapt dei to siste åra, men Amin Askar seier at ein siger ikkje er umogeleg.

Amin Askar

Amin Askar seier siger ikkje er umogeleg mot Viking på bortebane.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Me køyrer på med den filosofien me har trudd på heile tida, og me veit at me kan meistre dette, seier Amin Askar.

Klokka 18.00 går avsparket for Brann mot Viking i den 14. serierunden. Før kampen ligg Viking på 7. plass med 21 poeng. Brann ligg 13 poeng bak, på 16. plass.

– Det handlar å komme i flytsona og komme over kneiken som me ikkje har klart så langt i år. Viss me knekk eit par kodar, så trur eg det kan gå veldig bra, seier Amin Askar.

Ikkje umogeleg med seier

Brann har ikkje vunne på bortebane mot Viking sidan 2008, og sist enda kampen 2–3. Askar har likevel trua på seier på bortebane.

– Det var ein tøff kamp der i fjor, men det er ikkje umogeleg å vinne mot Viking på bortebane. Dei er jo eit godt lag, men det er ikkje noko slik «wow», seier Amin Askar.

– Me har hatt mange gode heimekampar som me ikkje har fått resultat av, men sjølvsagt blir det alltid litt små justeringar litt frå kamp til kamp, men ikkje noko revolusjonerande, seier Askar.

Pause gjorde godt

Tippeligaen har som kjent hatt VM-pause, og Askar meiner det var sunt for laget.

– Først og fremst så var det godt med eit avbrekk, trur eg. Det var sunt for oss alle med ein liten timeout. Elles har me jobba mykje med dei same tinga, kanskje gjort litt småjusteringar, seier han.

Sjølv mista Askar seks veker med trening i framkant av den første kampen i år.

– Eg har slite med å få spele meir enn seksti minutt i kvar kamp, men etter den vesle pausen me hadde før Fyllingsdalen, så følte eg at eg fekk henta meg godt inn igjen og fekk slappa av, seier han.

– Eg følte eg var veldig på felgane, men no føler eg meg lett og fin og då er det lettare å prestere det ein ynskjer, seier Askar.