Hopp til innhold

Uavgjort mellom Brann og Stabæk

Azar Karadas trengde berre nokre minutt på bana før han fann målmaskene, men det tok ikkje lenge før Stabæk kom med sitt svar.

Nicolai Næss og Kasper Skaanes

Botnlaget Stabæk møtte topplaget Brann.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Det var Brann-innbyttarane sin kveld på Nadderud stadion.

Etter ein ekstremt treig første omgang, sørga Azar Karadas og Erik Huseklepp for at både spelarane og publikum vakna i andre omgang.

I det 67. minutt serverer Huseklepp ballen til Azar Karadas som headar Brann i leiinga.

Fem minutt etterpå svarte Stabæk og Kamal Issah, som sette inn sitt første mål for sesongen. Det enda med poengdeling på Nadderud stadion.

Botn mot toppen

Stabæk har hatt ein svak start på sesongen, men har komt seg over nedrykksmyra. Dei er på ein 13. plass i eliteserien med 13 poeng.

Brann ligg førebels på ein 5. plass, men har hatt fire strake bortetap før kampen på Nadderud i kveld.

Debut for Hatakka

Etter storsigeren mot Vålerenga på heimebane førre helg var nok bergensarane svoltne på å hente ein trepoengar, og klatre forbi Haugesund på tabellen. I staden held dei seg på 5. plassen.

Finske Dani Hatakka, som signerte for Brann i januar, fekk endeleg sin debut i Brann-drakta i kveldens kamp.

Laster innhold, vennligst vent..

Du kan også høyre kampen direkte her:

Stabæk - Brann, Molde - Start, Bodø/Glimt - Odd

Lagoppstilling:

Laget (etter nummer):

24 Piotr Leciejewski

6 Vadim Demidov (k)
9 Kasper Skaanes
10 Jakob Orlov
15 Bismar Acosta
19 Deyver Vega
23 Sivert Heltne Nilsen
25 Daniel Braaten
26 Dani Hatakka
29 Kristoffer Barmen
33 Amin Nouri

Benken:

1 Alex Horwath

5 Jonas Grønner
8 Fredrik Haugen
11 Steffen Lie Skålevik
13 Erik Huseklepp
16 Remi Johansen
18 Azar Karadas

Brann sliter mot Førde i cupen

Dani Hatakka speler sin første kamp i Brann-drakta mot Stabæk i kveld.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix