Hopp til innhold

– Å tenke på historia hjelper ikkje spelarane

Kampen mot Rosenborg blir Rikard Norlings første storoppgjer i norsk fotball. – Presset triggar litt ekstra, seier Norling.

RBK - Brann

NYTT OPPGJER: Søndag er det duka for ny kamp mellom Rosenborg og Brann på Lerkendal. Biletet er frå fjorårets kamp på same bane.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Søndag kl. 18.00 speler Brann eliteseriekamp mot Rosenborg på bortebane. Som vanleg er det knyta store forventningar til kampen mellom dei to laga.

– Det er to storlag i norsk fotball. Det får ein inn med morsmjølka, seier trenar Rikard Norling.

Brann har måtte gå poenglause frå dei to siste møta med Rosenborg, men Norling vil ikkje mimre over tapte kampar.

– Eg kan ikkje tenke i dei banene. Min jobb er å tenke på korleis me kan prestere best mogleg. Å tenke på historia mellom Brann og Rosenborg hjelper ikkje spelarane.

Kampen mot RBK er det fyrste store prestisjeoppgjeret for Norling etter at han blei trenar for Brann. Men svensken er ikkje uroa for at presset skal bli for stort.

– Presset er ein del av kvardagen min og yrket mitt. Det triggar berre litt ekstra.

LES OGSÅ: Brann videre med et nødskrik - Hordaland

(Artikkelen held fram under biletet)

Rikard Norling

TENKER IKKJE PÅ HISTORIA: Rikard Norling mimrar ikkje over tidlegare oppgjer mellom Brann og Rosenborg. – Eg veit ikkje om det hjelper spelarane så mykje, seier han.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Det hadde vore fantastisk å få score

Spelar og assistenttrenar for Brann, Hassan El Fakiri, har sjølv spelt fotball i RBK-drakt. No håpar han å få bidra i kampen mot det gamle laget sitt.

– Kampane mellom Brann og RBK har ofte vore gode. Det er mykje trøkk på tribunen og gjerne ein del scoringar. Eg håpar det er det som skjer på søndag, og forhåpentlegvis er det er me som stikk av med flest scoringar og poeng.

Kampane mot Rosenborg er spesielle for Brann. Slik var det også då El Fakiri spela for RBK.

– Byen, engasjementet her og supporterane til Brann gjorde det til spesielle møter. Det er alltid spesielt når Brann spelar mot Rosenborg.

No gler han seg til å gå inn på Lerkendal stadion.

– Me har ikkje tatt ut noko lag endå, men eg har alltid lyst å spele. Det hadde vore fantastisk med ein scoring, det er lenge sidan, seier El Fakiri.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fungerende trener

– SPESIELT Å MØTE RBK: Hassan El Fakiri møter sitt gamle lag på Lerkendal søndagskveld.

Foto: NRK

Dermidov tilbake til Lerkendal

Sist Vadim Demidov var på Lerkendal spela han for heimelaget Rosenborg. I morgon blir fyrste møte med den gamle klubben. Denne gongen i Brann-drakt.

– Eg har hatt tre fine år i Trondheim, så det blir litt spesielt å spele mot BRK. Men no er eg Brann-spelar og då handlar det berre om å hente heim tre poeng, seier Demidov.

Han hugsar godt dei kampane han spelte mot Brann som Rosenborgspelar.

– Rosenborg og Brann er to av klubbane det er mest lidenskap kring. Det hadde vore veldig moro om me hadde vunne i morgon.

Brann har gått på nokre smellar mot RBK tidlegare. Men Dermidov meiner Brann er klare for RBK.

– Om kampen er i Trondheim eller ein anna stad tenker me ikkje på. Me køyrer vårt løp og stilen me har byrja på i år som blir betre og betre. Det viktigaste er at me byrjar å ta poeng på bortebane.

Sjølv har han slite med skader sidan oppstarten av serien, men seier no at forma er på veg tilbake.

– Eg har vondt i alt mogleg sidan seriestart, men no har eg fått trent godt og er i betre form enn på lenge.