Brann med kontrakt til tre talent

Eirik Opheim Moldenes, David Tufta og Mikael Baisotti (biletet) har signert profesjonell kontrakt med Brann dei siste dagane. Det opplyser sportssjef Rune Soltvedt til NRK. Spelarane, som er del av akademiet til klubben, har signert såkalla «akademikontraktar». Moldenes er fødd i 2000, Tufta i 2001 og Mikael Baisotti i 2002. Med det er 16-åringen blant dei yngste som har signert profesjonell kontrakt med Brann. – Dette er flotte typar og gode spelarar det blir spanande å følga framover, seier Soltvedt.

Mikael Baisotti
Foto: Brann.no