Hopp til innhold

Brann måtte låne pengar til lønn

- Det er ingen tvil om at det er utfordrande tider, seier styreleiar i Brann, Hans Brandtun.

Erik Mjelde feirer scoring mot Løv-Ham
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Brann måtte be Sparebanken Vest om ein kassakreditt på 15 millionar kroner for å kunne betale januarlønna. Det skriv Bergens Tidende .

Tøffe tider

- No er me inne i ein veldig pressa situasjon likviditetsmessig, men dette vil betre seg når sesongen startar, seier Brandtun.

Svikt i sesongkortsalet

Ein av grunnane til at Brann har måtte ta opp ny kassakreditt er at inntektene ikkje har vore som venta i byrjinga av året. Mellom anna opplever klubben ei sterk svikt i sesongkortsalet.

- Det er ikkje eit kjempeproblem no, men me tåler ikkje 2009 om igjen, seier Brandtun.

Utelukkar ikkje oppseiingar

Klubben har alt gjort ei rekkje kostnadskutt. Brandtun er redd det vil kome fleire.

- Ein kuttprosess er svært vanskeleg. Det vert ein balansegong mellom kor mykje me kan redusere utan å hogge av oss beina, seier styreleiaren.