Hopp til innhold

Brann-keeper ute i seks veker

Brann sin nye keeper, Piotr Leciejewski, mistar seriestart og vil vera ute i seks veker etter brot i tommelen.

Piotr Leciejewski

Brann sin nye keeper, Piotr Leciejewski, mistar seriestart etter brot i tommelen, opplyser brann.no.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Den skadde tommelen til Piotr Leciejewski

Den skadde tommelen til Piotr Leciejewski.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Det var under trening på La Manga i slutten av februar at den nye keeperen var uheldig og pådrog seg ein skade i den høgre tommelen. Keeperen vart i dag undersøkt av lækjar Ove Austgulen og han kunne konstatera brot.

– Det er eit lite og pent brot i eit leddbandsfeste på innsida av høgre tommel. Det er ikkje naudsynt med operasjon, men han må gå med gips og skinner på tommelen i seks veker, seier Austgulen til brann.no.

Leciejewski får med andre ord ikkje passa stengene ved seriestart om drøye to veker, og vil mest sannsynleg vera kampklar for kampane før eller etter påske.

Video Piotr ute med skade

Piotr Leciejewski sat på sidelinja då Brann gjennomførte føremiddagsøkta på La Manga måndag.