Hopp til innhold

Brann i straumboks

Det brenn i ein straumboks i Gravdalsveien i Bergen, like ved Plantasjen. – Det skal vere snakk om ein sikringsboks på ein vegg. Brannen har ikkje spreidd seg, og det verkar udramatisk. Brannvesenet er straks på staden for å undersøke, seier vaktkommandør Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen.