NRK Meny

Brann i Sløvåg-kontainarar

Det brenn i to store kontainarar på 20 kubikk kvar inne på industrikaiområdet i Sløvåg. Politiet fekk melding om brannen klokka 06.30. Brannvesen og politi er på staden. – Innhaldet var først ukjend, men no er det klarlagt at det er søppel og trevirke, ikkje farleg gods, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt. Vinden bles ut mot sjøen og det er ikkje fare for spreiing. Brannen skal vera på same område som Vest Tank-eksplosjonen i 2007.

Laster Twitter-innhold