Hopp til innhold

Brann i industribygg på Gyldenpris

Forbipasserande melde frå om opne flammar frå det gamle Karsten Moholt-bygget.

Brann Gyldenpris

BRANN: Det var i eit tilbygg det begynte å brenne. Brannvesenet fekk kontroll på brannen, og sørga for at den ikkje spreidde seg.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Naudetatane rykte ut til ein brann i det gamle Karsten Moholt-bygget på Gyldenpris klokka 8.55. Forbipasserande melde frå om at det kom opne flammar frå bygningen.

Brann i tilbygg

Brannvesenet visste ikkje om det var folk i bygget. Røykdykkarar tok seg difor inn i bygningen, fortel vaktkommandør Ole-Jakob Hartvigsen.

– Me fekk mange meldingar om forbipasserande om at det stod opne flammar frå bygget. Det viste seg at det brann i eit tilbygg på baksida av bygningen, fortel Hartvigsen.

Brannen har etter alt sannsyn starta i ventilasjonsanlegget. Det er for tidleg å seia noko om årsaka til brannen. Ifølgje politiet er det ikkje meldt om skadde.

Brann Karsten Moholt-bygget

OPNE FLAMMAR: Det braut ut brann i eit tilbygg knytt til det gamle industribygget til Karsten Moholt AS på Gyldenpris i Bergen.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Skodespelargruppe held til i bygget

Tidlegare heldt bedrifta Karsten Moholt til i bygget, men selskapet flytta verksemda til Askøy for nokre år tilbake. No er det berre ei skodespelargruppe som held til i bygget.

– Vi skulle eigentleg ha vore her i dag tidleg, men det blei ei sein natt i går. Vi er i innspurten før ei førestilling, seier Jorunn Lullau.

Saman med Steinar Thorsen driv ho skodespelargruppa Kompani 13. Dei leier i underetasjen.

– Vi var redde for utstyret vårt, men det ser ut til at det gjekk bra, seier Lullau.

Lullau og Thorsen

TEATER: Jorunn Lullau og Steinar Thorsen i skodespelargruppa Kompani 13 held til i bygget som brant.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Vitne: – Brannen vaks raskt

Ifølgje ein nabo BA har snakka med, vaks brannen seg stor på kort tid.

– Eg melde inn brannen til brannvesenet då det berre var småflammar. På kort tid blei brannen merkbart større. Heldigvis kom brannvesenet raskt til staden, seier naboen til avisa.

Klokka 9.10 melde brannvesenet at sløkkearbeidet er i gang. Tre minutt seinare opplyste brannvesenet på Twitter at brannen er sløkt.