Hopp til innhold

Ein til legesjekk etter brann i einebustad

Det var kraftig røykutvikling i eit bustadhus i Åsane i Bergen tysdag ettermiddag. Alle som var i bustaden er no ute av huset. Ein av bebuarane er send til legevakten.

Brann i Mjølkeråen

KRAFTIG RØYK: Einebustaden i Mjølkeråen vart raskt evakuert.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Tre personar som bur der hadde kome seg ut då brannvesenet kom, fortel innsatsleiar Tom Johannesen til NRK på staden.

Han opplyser at branntilløpet var i underetasjen og ga kraftig røyk. Brannvesenet skal ikkje ha observert open eld.

Naudetatane rykka ut til einebustaden på Stegane i Mjølkeråen i bydelen Åsane litt etter klokka 17.30.

Klokka 18 var brannen under kontroll, og nokre minutt seinare vart den meldt sløkt.

– Me veit førebels ikkje årsaka til brannen, seier Johannesen.

Brannvesenet jobbar no med å finna undersøka bustaden nærare.

Klokka 18.40 melder Vest politidistrikt at ein person er send til legevakten for sjekk.