NRK Meny
Normal

Brann i bustadhus på Bømlo

Eit bustadhus i Langevåg har fått omfattande skadar etter at det byrja å brenne torsdag ettermiddag.

Brann på bømlo

STORE SKADAR: Huset som tok til å brenne i Langevåg, sør på Bømlo fekk store skadar i brannen.

Foto: Stein-Erik Ovesen

Politiet fekk melding klokka 15.38 om at det brann i eit bustadhus i Langevåg, sør på Bømlo.

– Huset har fått store skadar, men det skal ikkje ha vore nokon i huset då det byrja å brenne, seier politioverbetjent i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Torgeir Stødle.

Like før klokka 17.00 melde brannvesenet at brannen var sløkt.

– Mannen som eig huset oppheldt seg på ei anna adresse, men er varsla om brannen, fortel Stødle.

Laster Twitter-innhold

Årsaka til brannen er førebels ikkje kjent.

– Det blir gjennomført tekniske undersøkingar på staden i morgon. Det har vore for mykje røyk og varme i huset til at det har latt seg gjennomføre i dag, seier Stødle.

Laster kart, vennligst vent...

LANGEVÅG: Det var i eit bustadhus i Eidesvikvegen, sør på Bømlo at det byrja å brenne torsdag ettermiddag.

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.