Brann i bustad i Os

Oppsummert

Brannvesenet melde tysdag klokka 14.05 om røykutvikling i ein bustad i Lepsøyvegen.

  • Kontroll på brann i Os

    Brannvesenet har no kontroll på brannen i ein einebustad i Os.

    Laster Twitter-innhold
  • Slått ned flammar i bustad

    Brannvesenet har slått ned flammar i kjellaren i huset som brenn i Os. – Brannen har oppstått i ei kjellarleilegheit, men det er framleis uvisst kva som har forårsaka den. Brannvesenet skal også gjennomsøke resten av huset, seier Arne Corneliussen ved 110-sentralen.

  • Brenn i kjellarleilegheit

    Røykdykkarar er no på veg inn i kjellaren i bustadhuset i Lepsøyvegen i Os, der det er kraftig røykutvikling. – Det er sett flammar i kjellaren, men førebels veit vi ikkje kva som brenn, seier vaktkommandør Arne Corneliussen ved 110-sentralen. Han fortel at det truleg ikkje er folk i huset.