Hopp til innhold

Brann på Eidsvågsneset

Brannvesenet rykka ut til Eidsvågneset i Bergen etter at ein nabo melde om mykje røyk frå tomannsbustaden ved sida av.

Enebolig i full fyr på Eidsvågsneset i Bergen.

BRANN: Det blei meldt om stor røykutvikling frå einebustaden på Eidsvåg.

– Det vert meldt om mykje røyk, vi går inn med røykdykkarar, sa vaktkommandør Rune Wigum ved 110-sentralen ved 10.30-tida.

– Foreløpig er det snakk om røykutvikling frå tomannsbustad, og det er registrert ein person i den eine delen, og to i den andre, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Bjarte Rebnord.

Tomannsbustaden ligg heilt ute på neset, og fylkesveg 267 er stengt som fylgje av utrykkinga.

– Me er no inne og sjekkar i den andre leilegheita, og ingenting tilseier at dei er der no, seier han.

Full sløkking

Politiet melder 10.50 at brannvesenet byrjar å få kontroll på brannen.

Det skal vere flammar innvending i huset, mellom 1. og 2. etasje.

– Det er full sløkking. Brannvesenet har vore gjennom bygget og har ikkje funne nokon, seier Rebnord.

Brannvesenet skal ha fått kontakt med den eine personen som bur på adressa.

– Ei eldre dame på 90 år kom seg ut av leilegheita, og har vore i kontakt med ambulansepersonell, seier Rebnord.

Kvinna var ikkje i den delen av tomannsbustaden der det brann, og skal ikkje vera skadd.

Delen av tomannsbustaden der det var brann skal ha fått store skader.

Vegen er framleis stengt rundt klokka 12.00.

NRK oppdaterer saka.