Hopp til innhold

Brann har tatt tak i Drammen

Brann har spelt seg noko opp etter den dårlege starten på Marienlyst stadion. Raudtrøyene har hatt fleire avslutningar på mål. Nærmast kom dei då ballen gjekk i stolpen etter knappe ti minutt. Det står framleis 1–0 til heimelaget etter ein halvtimes spel.