Hopp til innhold

Brann-leiinga fredar Rikard Norling

Dagleg leiar i Brann, Roald Bruun-Hanssen seier det er uaktuelt med trenarskifte i 2014: – Richard Norling har full tillit hjå oss.

Rikard Norling og Roald Bruun-Hanssen

FULL TILLIT TIL NORLING: Dagleg leiar i Brann Roald Bruun-Hanssen er fornøgd med innsatsen til Rikard Norling.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Det er tunge tak for Brann og trenar Rikard Norling. Då svensken tok over som trenar i haust, var begeistringa og forventningane store. Men etter 4–2 tapet mot Molde i går kveld, ligg Brann no nest sist på tabellen.

– Situasjonen er alt anna enn slik me hadde ønskja. Me ligg for augneblinken på nedrykksplass. Det var ikkje dette me hadde forventa. Me trudde me skulle ligge mykje høgare, seier Bruun–Hansen.

– Akkurat no er me eit botnlag, det er heilt udiskutabelt.

– Korleis vil Brann takle eit nedrykk?

– Eg har ikkje lyst til å gå inn på det. Me er ikkje opptatt av å planlegge for fiasko. No handlar det om å det sportslege prosjektet til å fungere.

LES OGSÅ: Brann-helt: – Brann er et bunnlag - Hordaland

Har full tillit til Norling

Roald Bruun-Hansen

OPNAR FOR ENDRINGAR I SPELESTALLEN: – Spelarstallen må me vurdere. Det kan vere at nokre spelarar går ut. Då er det naturleg å ta inn nye spelarar for å erstatte dei.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Den daglege leiaren i Brann seier det er uaktuelt at det vil bli snakk om eit trenarskifte i 2014.

– Rikard har tilført oss noko gjennom sin måte å tenke på og gjennom sin veremåte. Dette har gitt oss eit løft, seier Bruun-Hanssen.

Han avviser at det vil verte aktuelt å skifte trenar dersom Brann held fram med å tape kampar.

– Me har ein treårsavtale med Rikard. Me har allereie sett at han har det som skal til for å løfte oss vidare som klubb. Me støttar han 100 prosent.

LES OGSÅ: Slår ring om Brann-treneren - Hordaland

Opnar for endringar i spelarstallen

Rikard Norling

FULL STØTTE FRÅ LEIINGA: – Rikard har tilført oss noko gjennom sin måte å tenke på og gjennom sin veremåte. Dette har gitt oss eit løft, seier Bruun-Hanssen.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Bruun-Hanssen stadfestar at Brann er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, men seier at det likevel kan verte aktuelt å gjere endringar i spelarstallen.

– Spelarstallen må me vurdere. Det kan vere at nokre spelarar går ut. Då er det naturleg å ta inn nye spelarar for å erstatte dei.

Han vil ikkje nemne konkrete namn Brann har på ønskjelista, men seier at dersom nye spelarar skal inn, må andre gå ut.

Desperate etter å få fleire folk på tribunen

Publikumstalet på Brann stadion har i år vore langt lågare enn forventa. Bruun–Hansen seier dei kjem fram til å gjere fleire tiltak for å få opp publikumstalet.

– Me har gjort mykje når det gjeld marknadsføring. Nokre tiltak har fungert, andre har ikkje fungert. Me søker desperat etter å få løfta talet på folk på tribunen.

Han trur ikkje pris på billettane er avgjerande for kor mange som kjem på kampane, men seier dei vil vurdere om dei skal bruke dette som eit verkemiddel etter kvart.

LES OGSÅ: Medlemsmøte i brann - Hordaland