Hopp til innhold

Bergensbanen stengt etter tunnelbrann

Ein brann i ein tunnel stoppa togtrafikken på Bergensbanen. Brannen er sløkt, og banen vil opna i løpet av ettermiddagen.

Brann i tunnel på Bergensbane ved Skiple

RØYK: Røykdykkarar tok seg inn i tunnelen ved Skiple aust for Voss for å sløkkje brannen.

Foto: Jernbaneverket

Bergensbanen er stengt for togtrafikk ved Reimegrend aust for Voss på grunn av signalproblem. Problema har oppstått på grunn av ein brann i ein isolator inne i ein tunnel.

Isolatoren er knytt til det elektriske anlegget og køyreleidninga, derfor er det stans.

Klokka 12.00 melder Jernbaneverket at Bergensbanen vil opna igjen i løpet av fredag ettermiddag.

Brannen sløkt

Mannskap frå Jernbaneverket er blitt nøydd til å gå ut av tunnelen det brenn i, pga. røykutvikling. Dei ventar no på bistand frå brannvesenet.

– Vi har fått melding om at det har tatt fyr i ei isolasjonsmatte i taket. Tunnelen er ca. 600 meter lang, og brannen er 100 meter inn frå Voss-sida av tunnelen, fortel vaktkommandøren ved 100-sentralen Hordaland til NRK.

Han legg til at brannen ikkje verkar å vera dramatisk, og det skal heller ikkje vera folk i tunnelen.

Brann i jernbanetunnel på Bergensbanen

Slik ser det ut i tunnelen etter brannen.

Foto: Arne Hofseth

Like etter klokka 10.30 melder brannvesenet at brannen i tunnelen er sløkt.

Buss for tog

Eitt lokaltog og eitt tog mellom Bergen og Oslo er forsinka. Det er uvisst når trafikken kan komma i gang igjen.

NSB jobbar med å sette inn alternativ transport for dei reisande. Ifølge Jernbaneverket er dette arbeidet krevjande, fordi det er vanskeleg å få tak i bussar.

For tog frå Bergen til Oslo køyrer ein buss frå Ustaoset mot Oslo og ein buss frå Gol til Oslo S, opplyser NSB.

reimegrend