Hopp til innhold

– Brann kan ta gull

Deyver Vega sikra grepet om 3.-plassen i eliteserien med si aller første skåring i Brann-drakta. – Me kan ta gull, meiner costaricanaren.

Deyver Vega

MÅLDEBUT: Costaricanske Deyver Vega noterte seg for si første skåring i Brann-drakta mot Strømsgodset. Han meiner mannskapet er så bra at Brann kan utfordra Rosenberg og Odd om gullet.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Deyver Vega noterte seg for sitt første eliteseriemål på Brann Stadion sundag kveld. Etter den åttande strake heimesigeren meiner costaricanaren at Brann kan vera med heilt inn på oppløpet.

– Me kan kjempa med Rosenborg og Odd om gullet, så får me sjå i november.

NRK sin fotballekspert Karl Petter Løken meiner prestasjonen til Brann denne sesongen er blant dei største overraskingane i norsk fotball.

– Åtte strake heimesigrar og berre slept inn eitt mål på heimebane som nyopprykka lag. Det er utruleg sterkt.

Kaspe Skaanes

FRÅ START: Kasper Skaanes kom inn frå start mot Strømsgodset. Han noterte seg for ein målgjevande pasning på målet til Vega, og var sjølv nær ved å skåra etter 3 minutt.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Stormløp mot Godset-målet

For Brann var gode i den første halvtimen mot Strømsgodset.

Berre ein god Espen Bugge Pettersen i Godset-målet held bortelaget inne i kampen i første omgang, der Brann kom til fleire store sjansar.

Etter at både Jakob Orlov og Kasper Skaanes kunne ha sendt Brann i føringa, var det ein tabbe frå Godset-forsvarar Marius Høibråten i det 36. minutt som gjorde utslaget for heimelaget.

Høibråten mista ballen til Deyver Vega som sende ballen vidare til Kasper Skaanes. Han sette fart mot målet og sende Vega gjennom på løp. Frå skrå vinkel sende costaricanaren ballen i mål for første gong i Brann-drakt.

Lars Arne Nilsen

NØKTERN: Brann-trenar Lars Arne Nilsen har ingen planar om å oppjustera målsetjinga til laget: Å etablera seg i eliteserien. – Tabellen får leva sitt eige liv.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Nektar å snakka om målsetjing

Brann-trenar Lars Arne Nilsen meiner Brann vinn fortent, men meiner laget trass sigeren kan betre.

– Me har stort sett kontroll, sjølv om det glipp litt i andre omgang. Alt i alt speler me ein bra kamp, men me skal bli mykje betre.

Målet var å etablera seg i eliteserien. Med bronseplassering og 36 poeng etter 19 kampar kan Brann-trenaren truleg kryssa det målet av lista, men Nilsen vil ikkje snakka høgt om nye mål.

– Me må gjera den jobben me skal i veka og prøva å vinna neste kamp. Tabellen får heller leva sitt eige liv.

marcus pedersen

BOM: For Marcus Pedersen var returen til Bergen av den blytunge sorten. Svake avslutningar på ei tung grasmatte var ordlyden for fleire enn den tidlegare utanlandsproffen på Brann Stadion.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Brann kan ta medalje

For Marcus Pedersen var returen til Bergen av den blytunge sorten. Svake avslutningar på ei tung grasmatte var ordlyden for fleire enn den tidlegare utanlandsproffen i kveld.

Strømsgodset tok seg opp etter sidebyte, og var farleg frampå ved fleire høve mot slutten. Men trass stormløpet heldt heimelaget unna.

– I andre omgang får me meir tak på det, men det er keisamt å stå her etter ein toppkamp mot Brann utan å kunna ta med seg poeng. Me hadde fortent uavgjort, seier Pedersen.

Pedersen skåra sju mål på 23 kampar for Brann før han gjekk til Strømsgodset i august i fjor.

Han er imponert over mannskapet han forlèt i 1. divisjon.

– All «kred» til Brann som har snudd det vonde til noko godt så fort. Brann er i toppen og har alle moglegheiter til å ta medalje, seier Pedersen til NRK.