NRK Meny
Normal

Brann får ikkje dispensasjon

Entreprenøren som byggjer ut Brann Stadion har søkt om dispensasjon frå streiken fordi han fryktar for bergensarar si mentale helse.

Bygging av ny tribune i klokkesvingen på Brann Stadion
Foto: John Gunnar Skien / NRK

Den nye tribunen i Klokkesvingen blir ikkje ferdig i tide til storkampen 16. mai dersom streiken drøyer ut.

4000 sitjeplassar vil då ikkje vera klare.

No er det difor søkt om dispensasjon frå streiken fordi entreprenøren fryktar for bergensarane si mentale helse.

- Øydelegg nasjonaldagen

- Det er jo svært mange bergensarar som startar oppladninga til 17. mai her på stadion, og nasjonaldagen blir ikkje den same dersom dei ikkje har fått vore her på stadion først. Det er heilt klart, meiner dagleg leiar Terje Reistad i Brann Stadion.

- Så de meiner på ramme alvor at psyken til bergensarane kan bli øydelagt dersom streiken rammar sitjeplassane deira?

- Me må jo sjølvsagt ha litt humor i dette, men eg trur absolutt at mange vil få ein dårlegare 17. mai dersom dei ikkje har vore på kamp. Eg vil ikkje hevda at det vil gå alvorleg utover psyken, men kanskje litt.

Stoppa søknaden

Men Tommy Sæther i Fellesforbundet sentralt har sett foten ned for dispensasjon frå streik.

- Eg trur ikkje dette vil gå utover liv og helse nei. Byggenæringens Landsforbund har uansett stoppa prosessen, og søknaden vil ikkje bli ferdighandsama hjå oss, fortel Sæther.

Gjenopptek meklinga i kveld

Over 16 000 tilsette i 730 verksemder i byggenæringa gjekk ut i streik etter at partane ikkje klarte å samla seg om ein avtale natt til søndag.

Fellesforbundet og Byggenæringens Landsforening gjenopptek meklinga klokka 18 i kveld etter kontakt med Riksmeklingsmannen.

Siste video

NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.
Programleder: Mariann Reikerås