2006-reprise for Brann-fansen: – Gratulerer med gullet, Rosenborg!

BRANN STADION (NRK): For andre gong på tolv år kan Rosenborg ha sikra seg gullet i Bergen.

Caroline Skogen og Ida Quist

– SURT: – Det var jo litt surt dette, seier Brann-supporterane Caroline Skogen (t.v.). Ida Quist til høyre utanfor.

Foto: Marit Stensby / NRK

– No har Rosenborg tatt gullet!

Thor Opsal og Henry Scarborogh innser fakta. Etter 90 iskalde minutt på Brann Stadion søndag kveld, der Rosenborg scora to mål på to minutt i første omgang, og der Brann berre klarte å pynte på resultatet, er det gjort.

I 2006 sikra Rosenborg gullet på Brann Stadion.

Tolv år seinare har det same skjedd igjen. Det meiner i alle fall brorparten av supporterane vi trefte utanfor Brann Stadion i går.

– Dette var synd, synd, synd. Brann hadde fortent uavgjort. I alle fall, meiner Thor Opsahl.

Thor Opsahl og Henry Scarborough

SKUFFA: Thor Opsahl og Henry Scarborough meiner Brann minst hadde fortent uavgjort i seriefinalen mot Rosenborg.

Foto: Marit Stensby / NRK

– Satsar på at RBK taper dei to neste

For Brann måtte sjå seg slått. Rosenborg tok leiinga ved Samuel Adegbenro etter 14 minutt, og Mike Jensen scora 2-0-målet for RBK to minutt seinare.

Men Brann heva seg inn mot pause, og kom heiltente på bana til 2. omgang med to nye spelarar. Daouda Bamba og Deyver Vega. Vega brukte berre to og eit halvt minutt på å score, og dermed tenna eit lite gullhåp på dei tre tribunane.

Men dei 12.914 tilskodarane fekk ikkje sjå fleire mål.

– Ja, ja! No er vi trygge på gull. Det var ein veldig bra førsteomgang, og ein ræva andreomgang. Men siger er siger, og no blir det gull. Reknar med det blir gull med 10–11 poeng margin, seier RBK-supporter Sivert Mogstad Eri.

Tina Reppe, Sivert Mogstad Eri og Lars Olav Flakkenberg

– EIN VELDIG FIN KVELD: Rosenborg-tilhengarane Tina Reppe, Sivert Mogstad Eri og Lars Olav Flakkenberg hadde ein bra kveld på Brann Stadion. – Dette er den første helga sidan august med sol i Bergen. Og så kjem Rosenborg og vinn seriegull her. Heilt nydeleg, seier Lars Olav Flakkenberg (t.h.). Til venstre Tina Reppe og Sivert Mogstad Eri.

Foto: Marit Stensby / NRK

Det er ikkje supporterleiaren til Brann einig i. Han håpar RBK snublar.

Roger Lillebø-Hansen

HÅPAR RBK SNUBLAR: Roger Lillebøe-Hansen, leiar for Brann Bataljonen håpar Rosenborg tek lett på dei tre neste kampane og taper.

Foto: NRK

– Eg er openbert skuffa, og må erkjenna at eg har ein dårleg kveld no, seier leiar av Brann Bataljonen, Roger Lillebøe-Hansen. Han meiner Brann hadde marginar i mot seg, men likevel fekk vist at laget har noko i toppen av norsk fotball å gjere.

– No satsar vi på at Rosenborg tar gullet på forehand, taper dei to neste og inviterer oss inn igjen i kampen, seier supporterleiaren.

– Skal gje dei kamp igjen neste år

Gjert Moldestad

– GRATULERA ROSENBORG: Gjert Moldestad er stolt over at Brann hang så lenge med i gullkampen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Redaktøren av supportermagasinet Den 12. mann, Gjert Moldestad, meiner Brann var mykje betre enn Rosenborg i den andre omgangen.

– Men det var ikkje nok. Det er berre å gratulere Rosenborg med gull, seier Moldestad.

Han er likevel stolt av klubben sin som ingen før sesongen hadde tru på, men som endar med å kjempa om gullet så lenge.

– Neste år skal Rosenborg få kamp igjen. Og neste år skal Brann ut i Europa, minner Moldestad om.

Laster innhold, vennligst vent..