Hopp til innhold

Bråk og fyll i Bergen

Det har vore mykje folk i Bergen sentrum natt til torsdag, noko som har resultert i fleire episodar for politiet. Både på Engen, utanfor Zachen og på Festplassen har det vore slåstkampar. Nokre av dei involverte fekk pålegg om å forlata sentrum, medan ein person vart sett i drukkenskapsarresten for ordensforstyrring.