Hopp til innhold

Bråk i Bergen natt til søndag

To personar er sett i drukkenskapsarresten natt til søndag. Begge dei to, ei 23 år gamal kvinne og ein 18 år gamal mann, vart henta av politiet etter å ha vore «rusa og kranglete» høvesvis på Torget og i Vestre Torggate i Bergen sentrum. – Elles har vi delt ut ein del pålegg rundt om i byen i natt. Dei aller fleste tar det hintet og går heim, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i politiet. Også på Stord vart ein mann i 20-åra vist vekk frå Bremnes, på grunn av ordensforstyrring.